Vilkåra er ikkje eit bindande tilbod fra banken, og er avhengig av sikkerheit m.m.
Du kan vere trygg på at rådgjevaren din finn det rette lånet for deg.
Er de fleire som skal kjøpe i lag, sit gjerne saman når de skal søke om lånebevis. Har de ikkje anledning til å fylle ut søknaden i lag, sender vi ut ei melding til den andre låntakaren som må gi samtykke med BankID. Vi hentar då inn informasjonen vi treng frå Skatteetaten.
Er du under 34 år anbefaler vi deg til å spare i BSU (Bustadsparing for unge). For å få framdrift på sparinga di, set gjerne opp ein spareavtale. Dess meir du klarar å spare, dess mindre lån treng du. Sjå meir om BSU her.
Bruk av kausjonist
Som ung kan vere vanskeleg å spare opp fleire hundre tusen kroner i eigenkapital. Kanskje kan eit familiemedlem stille som kausjonist for deg, ved å sette delar av bustaden sin i pant? Snakk med rådgjevaren din og ein eventuell kausjonist for å høyre om dette kan vere aktuelt. Kausjonisten kan lese meir om dette ansvaret her.