Ver venleg å tast inn personnummeret ditt for å fortsette til signeringsportalen. I portalen, bruk BankID for å logge deg på, og du vil då finne dei avtaledokumenta du har fått tilsendt til elektronisk signering.
Kunderådgjevaren din vil få melding når du har signert avtaledokumenta slik at prosessen går vidare.
Merk! I nokre tilfelle vil du bli bedt om å logge på to gonger på veg til signeringsportalen.

Trygg og enkel signering med BankID

Du kan bruke BankID til å signere elektronisk, for eksempel når du skal signere lånedokument eller andre avtalar frå banken. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.

Skal du signere på vegne av ei bedrift?

Når banken sender dokument som gjeld bedrifter til elektronisk signering, vert det sendt til dei som står med signaturrett i firmaattesten. Heile styret har signaturrett i fellesskap dersom det ikkje er bestemt noko anna i vedtektene. Dersom de ikkje ønsker at alle styremedlem skal signere kvar gong, må de melde endring av signaturrett inn til Brønnøysundsregistera.
Når du signerer for selskapet gjer du det på akkurat same måte som elles; loggar på signeringsportalen med den personlege BankID-en din.

Ting folk lurer på