Norske nasjonale ID-kort blei lansert 30. november 2020. Les meir om dei nye ID-korta her.

Legitimasjon og BankID

Alle bankar er pålagt til å ha gyldig legitimasjonsdokument på kundane sine. Dersom du skal bli kunde eller må legitimere deg på nytt, må du møte på eit av bankkontora våre for å vise fram og få stadfesta legitimasjonen din.
I norske banker er det berre pass med RFID, norsk nasjonalt ID-kort, norsk utlendingspass med RFID og norsk reisebevis med RFID som er godkjent for å få BankID.
Det er eigne legitimasjonskrav for mindreårige.

Manglande legitimasjon og sperra kundeforhold

Kundeforhold kan bli sperra eller avslutta som følgje av manglande legitimasjon. Dersom du får kundeforholdet ditt sperra, kan det enkelt opnast igjen når du har legitimert deg. Dersom kundeforholdet ditt vert avslutta kan det opnast igjen mot eit gebyr, sjå prisliste. Ta kontakt med kundesenteret, så får du hjelp til å legitimere deg på en effektiv måte.