Dersom du drøymer om å kjøpe din eigen bustad, er BSU den beste spareforma for deg under 34 år. Du kan spare inntil 27.500 kr årleg og få 5.500 kr i skattefrådrag.

Gode grunnar til å velje BSU

  • Du kan spare til og med ut året du fyller 33 år.
  • Du kan spare inntil 27 500 kr i året.
  • Du får 20 % skattefrådrag på det du set inn - inntil 5 500 kroner på det du sparar i løpet av året.
  • Du kan spare inntil 300 000 kroner direkte til bustadføremål på BSU.
  • Du får den beste sparerenta vår, og beheld den til du fyller 35 år.
  • Du kan bruke pengane til å kjøpe bustad eller til å betale ned bustadlånet ditt. Du kan også bruke pengane til oppgradering og vedlikehald av bustaden din.
  • Det er enkelt å opprette BSU sjølv, og du får full kontroll over kva du har spart i både mobil- og nettbank.
Opprett spareavtale til BSU

Verdt å vite om BSU

Eig du bustad, får du ikkje skattefrådrag - Det er berre du som ikkje eig eigen bustad som får skattefrådrag. Eig du eigen bustad kan du framleis spare i BSU til god rente, men får ikkje skattefrådraget.
Ikkje spar når du ikkje har inntekt! - For å få skattefordelane må du ha skattbar inntekt, og du kan ikkje få meir i frådrag enn du skattar.

Bruk av BSU konto -
Når du først brukar BSU-kontoen kan du ikkje fortsette å spare.
Opprett BSU i dag - BSU-kontoen må vere oppretta før du kjøper bustad.

Ønsker du å avslutte BSU kontoen din?


Dersom du skal avslutte BSU kontoen din for å kjøpe bustad eller betale ned på lånet ditt, kan du enkelt gjere dette ved å sende inn ein skjema for avslutning av BSU konto.

Skjema for BSU

Ting folk lurer på