– STØRRE SJANSE: Førstegangskjøparar kan få større sjanse for å få bustadlån etter endringa, forklarar kunderådgjevar Torbjørn Olset.
Publisert 15. desember 2022

– Kan bli lettare for førstegangskjøparar å få bustadlån

Frå 1. januar blir endringar i utlånsforskrifta gjeldande for norske bankar.
– Det er positivt for dei som skal kjøpe sin første bustad, seier Torbjørn Olset, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Når du søker om bustadlån i dag seier reglane at du må tole ein renteauke på fem prosent oppå renta på bustadlånet. Dette gjer bankane for å vere trygge på at du ikkje kjem i ein vanskeleg situasjon dersom renta skulle stige, forklarar Olset.

Frå fem til tre prosent

I gjennomsnitt ligg bustadlånrenta no på ca. fire prosent i Norge. Når du då legg på fem prosent, vil det seie at du må kunne tole ni prosent rente for å få innvilga bustadlån.
Dette gjer at mange, særleg førstegangskjøparar, som på grunn av lite eigenkapital, eller for låg inntekt i dag har mindre sjanse å få lån.
– Etter endringa kan det no bli lettare for førstegangskjøparar å få bustadlån, seier Olset.

Førebels endring

Endringa i utlånsforskrifta som blir gjeldande frå 1. januar 2023 seier at i staden for å legge på fem prosent rente, skal ein legge på tre prosent eller ta høgde for minst sju prosent rente når ein vurderer lånesøknader.
– Med dei nye reglane må du no berre tole eit påslag på tre prosent, eller minst ei rente på sju prosent. Då vurderer banken kva som blir tyngst for kunden å bære; eit påslag på tre prosent rente eller sju prosent rente. Dette kan ha mykje å seie for kva banken kan gi i lån, seier Olset.
Endringa i utlånsforskrifta er førebels og vil bli vurdert fortløpande, men skal i første omgang gjelde fram til 2024.

Siste frå meirennbank.no

No er Vidsyn fullfinansiert

Takka vere eit sterkt samarbeid mellom to lokalbankar kan endeleg utsiktspunktet Vidsyn i Førde realiserast.

Les heile saka
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023
Inspirasjonskveld med Dagfinn Enerly4. september 2023
No kan du trene med Funkygine29. august 2023