Spørsmål om din bruk av banken

Bankar er pålagt å hente inn opplysningar frå kundane våre om korleis de har tenkt å nytte banken. Det må vi gjere før du blir kunde i banken, i tillegg til at banken jamleg må oppdatere denne informasjonen. Derfor vil også du som har vore kunde hos oss i mange år, få same spørsmåla.
Du vil oppleve å få nokre spørsmål når du loggar deg inn på nettbanken, dersom du er 15 år eller eldre. Spørsmåla som blir stilte, og som du må svare på, skal gje banken oversikt over korleis du har tenkt å bruke banken det neste året.

Felles reglar for alle

Alle banker er underlagt det same regelverket og uavhengig av kva bank du bruker, må du svare på tilsvarande spørsmål.

Kva må du svare på?

Vi spør blant anna om bruken av banken, kvar pengane dine kjem frå, statsborgarskap og fødeland. Nokre kundar vil også bli kontakta fordi vi treng å oppdatere informasjon om legitimasjon.

Korleis blir du kontakta?

Du som har nettbank, vil du få opp spørsmåla når du loggar deg på i nettbanken din, dersom du er 15 år eller eldre. Om du ikkje har nettbank/mobilbank, vil du få ein epost, SMS, eller eit brev i posten med informasjon om skjema for kundeerklæring.
Du får opp skjema for kundeerklæring i nettbanken ved periodisk kontroll.
Dersom noko har endra seg ved din bruk av banken sidan sist, kan du ta kontakt med oss pr. telefon eller nettbank.
Du kan også svare på spørsmåla ved å møte opp på nærmaste bankkontor.

Her finn du kundeerklæringsskjemaet om du vil skrive det ut.

Manglande kundeerklæring og sperra kundeforhold

Kundeforhold kan bli sperra eller avslutta som følgje av manglande kundeerklæring. Dersom du får kundeforholdet ditt sperra, kan det enkelt opnast igjen når du har fylt ut kundeerklæringsskjema. Dersom kundeforholdet ditt vert avslutta kan det opnast igjen mot eit gebyr, sjå prisliste. Ta kontakt med kundesenteret, så får du hjelp til å fylle ut kundeerklæringsskjema på en effektiv måte.

Noko du lurer på?

Om du har spørsmål til kundeerklæringa, så ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt - måndag - fredag ( 57 82 97 00), eller ta kontakt med kunderådgjevaren din.
All informasjon vi får frå deg i denne samanhengen blir behandla konfidensielt i samsvar med banken si teieplikt, og vil ikkje bli brukt til andre føremål som til dømes marknadsføring.
Les meir om vårt arbeid mot kvitvasking