Lyst til å jobbe hos oss?

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på vel 63 milliardar kroner og 280 tilsette. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.
Vi kan tilby deg jobb innan mange ulike fagområde. Mellom anna kreditt og finansiering, sparing og plassering, elektronisk betalingsformidling, valuta og valutahandel. Vi kan også tilby deg jobb innan fintech, marknadsføring, eigedomsmekling, HR, økonomi- og risikostyring, IT og juss.

Ledige stillingar

Banksjef privatmarknad Sunnfjord

Kontorstad: Førde
Søknadsfrist: 03.10.21

Kunderådgjevar privatmarknad Måløy

Kontorstad: Måløy
Søknadsfrist: 26.09.21

Eigedomsmeklar Nordfjord

Kontorstad: Nordfjordeid/Stryn
Søknadsfrist: 26.09.2021

Studentjobb

Kontorstad: Førde
Søknadsfrist: Haust 2021

Open søknad

Kontorstad: Uspesifisert
Søknadsfrist: Uspesifisert

Hos oss kan du få

  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning.
  • Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Ein arbeidsgjevar som tar samfunnsansvaret sitt på alvor, og har stort fokus på likestilling og likeverd blant sine tilsette.