Vi gir tilbake til samfunnsnyttige formål

Kvart år gir eigarstiftingane våre tilbake til samfunnsnyttige formål i Sogn og Fjordane frå overskotet vårt. I tillegg er vi sponsor for rundt 50 lag og organisasjonar. I løpet av dei fem siste åra har vi delt ut 200 millionar kroner til samfunnsnyttige formål gjennom gåver og sponsormidlar. På denne måten er vi med og skaper, utvikler og deler. På denne måten er vi meir enn berre ein bank.

Søke om gåver

Det er dei to eigarstiftingane våre, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, som forvaltar overskotet vårt og årleg deler ut gåver. Begge desse gåveinstitutta skal bygge opp om visjonen til banken om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane.
Har du ein god idé til eit prosjekt og treng støtte? Då kan du søke stiftingane via nettsidene deira.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Er ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane, først og fremst som den dominerande eigaren av den største banken i regionen, men også gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.
Gå til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Fjaler

Sparebankstiftinga Fjaler vil bruke ein stor del av avkastninga si på gåver til allmennyttige formål i det området som var med på å bygge opp grunnkapitalen i tidlegare Fjaler Sparebank.
Gå til Sparebankstiftinga Fjaler

Sponsing

Sparebanken Sogn og Fjordane eit godt samarbeid med ei rekke aktørar om sponsing. Vi verdset felles kjerneverdiar og langsiktige samarbeid om tiltak for barn og ungdom innan idrett og kultur.
Vi er også med og støttar næringsrelaterte engasjement som fremjar innovativ aktivitet. Til saman har vi nærmare 50 aktive sponsoravtalar fordelt i heile Sogn og Fjordane.
Ta kontakt med marknadssjef Gunn Aase Moldestad eller ditt lokale bankkontor viss du ønsker å snakke meir med oss om sponsing.

Gunn Aase Moldestad

marknadssjef481 67 080gunn.aase.moldestad@ssf.no