GÅVE TIL TURNÉ: – Dette er ei viktig anerkjenning for oss, seier prosjektleiar Anne Mette Hjelle (t.h.) om gåva på 300 000 kroner. Her saman med Jill Aasen Hole (t.v.), som er fungerande teknologidirektør i banken, og Christiane Ulriksen, styreleiar i IT Forum Vest.
Publisert 18. april 2024

– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen

Ein skuleturné saman med lokale kvinnelege rollemodellar skal forhåpentlegvis inspirere fleire. – Om vi rekrutterer både jenter og gutar, dekker vi samfunnet sine behov på ein betre måte.
Det seier Anne Mette Hjelle, prosjektleiar for IT Forum Vest sitt prosjekt «Jenter i tech-turné».
Denne turneen går ut på at dei skal reise rundt på ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen med målet om å auke interessa for teknologiutdanning, og då særleg for jenter.
– Også for gutar, men jenter spesielt. Vi ser at vi manglar jenter innanfor tech-faget i dag. Og det påverkar kva produkt vi lagar. For eksempel om ein tek helseteknologi, så dekker vi samfunnet sine behov betre om vi rekrutterer både gutar og jenter, seier Hjelle.
Ho held fram:
– Vi vil vise at teknologi er kjempespennande også for jenter, og vi vil synleggjere moglegheitene innanfor teknologi, både utdanninga og moglege arbeidsplassar.
Skal ha med kvinnelege rollemodellar
Ved Høgskulen på Vestland sin campus i Førde er det teknologiutdanning, og i 2023-kullet er 5 av 25 studentar jenter. Dette er rekord sidan oppstarten i 2018, og det er bra, men IT Forum Vest håpar at den kommande turnéen vil bidra til endå større auke.
– Vi må starte tidleg, for elevane begynner allereie på ungdomsskulen å velje valfag som er viktig. Og det held fram på vidaregåande skule, seier Hjelle.
På nyåret 2025 satsar dei på å starte turneen, og då begynner dei i Sunnfjord før turen går vidare til Sogn og Nordfjord. IT Forum Vest kjem til å kontakte alle skulane sjølve, men oppfordrar også skulane til å ta kontakt om dei vil ha besøk.
– På turneen skal vi ha med oss kvinnelege rollemodellar som gjerne er kjent frå regionen der elevane går, eller som har flytta hit for ein spennande jobb, seier Christiane Ulriksen, styreleiar i IT Forum Vest.
Får 300 000 kroner
Til gjennomføringa av «Jenter i tech-turné» får IT Forum Vest ei gåve på 300 000 kroner. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Jill Aasen Hole er fungerande teknologi direktør i banken og fekk æra av å overrekke gåva.
– Dette er veldig kjekt! På turneen vil dei få vist fram alle dei spennande moglegheitene innan teknologi til jenter som ikkje ville fått denne inputen andre stader. Og med kvinnelege rollemodellar som viser moglegheitene som er både innanfor utdanning og yrker, er eg sikker på at det vil inspirere fleire jenter og unge kvinner til å ta ei teknologiutdanning, seier Hole.
– Og det vil også vere eit viktig bidrag til å auke tilgangen til kompetansen i regionen vår og meir mangfald i bransjen, legg ho til.
Styreleiar Ulriksen er veldig glad for gåva.
– Vi er veldig takknemlege og glade for å ha med ein lokal aktør som dykk, seier Ulriksen, som vert støtta av prosjektleiar Hjelle.
– Dette er ei viktig anerkjenning for oss, og eit signal om at satsinga står støtt.
Les også om fleire gåvetildelingar den siste tida:

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024