DYKTIG GJENG: I alt har Jølster Skisenter 90 frivillige. Her er nokre av dei: Vegard Johnsen (dagleg leiar), Anne-Grete Nygjerde (skipatrulje), Yngve Bareksten (hovudvakt), Martine Fossheim (skipatrulje), Vidar Taklo (hovudvakt), Amanda Fiskaa Øren (skipatrulje), Lars Solnørdal (banksjef privatmarknad), Birger Fugle (hovudvakt), Endre Johnsen (hovudvakt) og Jørn Are Øvsthus (hovdvakt).
Publisert 23. februar 2024

– Eit stort løfta for sikkerheita!

Når raset går, så tel kvart sekund. Det fekk dei frivillige i Jølster Skisenter erfare 11. februar. Med 200 000 kroner i gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane har skisenteret no fått på plass ny «laussnøscooter».
– At det har gått skred er jo ei forferdeleg melding å få. I starten veit ein ikkje om det har råka folk, og eventuelt kor mange. Det er ein uoversiktleg situasjon i byrjinga.
Det seier Vegard Johnsen, dagleg leiar i Jølster Skisenter, om snøskredet 11. februar. Skredet gjekk 200-300 meter utanfor preparert løype i anlegget og to personar vart tekne. Den eine personen fekk ein del brotskadar, men heldigvis gjekk ingen liv tapt.

Fått ny og sterkare scooter

Etter at skredet gjekk var det dei frivillige i skisenteret som var først på plass. Dei gjorde ein kjempejobb fram til nødetatane kom, men aller helst ville dei ha vore på plass endå litt før. Ingen av snøscooterane i anlegget taklar store mengder laussnø veldig godt, så mannskapet måtte ta seg fram siste biten til fots.
– Vi har frivillige her med brei erfaring innanfor helse som kan bidra. Men då krev det at vi faktisk kjem oss fram der det skjer. Så dette er eit stort løft for oss, seier Vegard Johnsen og peikar på den nye snøscooteren som no er på plass.
– Etter evalueringa vi hadde etter raset var vi einige om at ein «laussnøscooter» var eit stort sakn. Så no når vi har denne på plass er det eit stort løft for sikkerheita, både i og utanfor anlegget, held Johnsen fram.
Til den nye scooteren har Jølster Skisenter fått 200 000 kroner i gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
(Artikkelen held fram under bildet.)
– EIT STORT LØFT: Det seier Vegard Johnsen (t.v.) om den nye scooteren. Her saman med banksjef i Sunnfjord, Lars Solnørdal.

Fått gode tilbakemeldingar

Lars Solnørdal er banksjef for privatmarknaden i Sunnfjord. Torsdag var han på besøk i Jølster Skisenter og helste både på mange av dei dyktige frivillige og den nye scooteren.
– Aller først vil eg takke alle dei frivillige som bidreg i skisenteret. Ein stor og viktig jobb de gjer, seier banksjefen.
– Ja, vi har fått tilbakemeldingar frå naudetatane om at det vart gjort ein kjempegod førsteinnsats då skredet skjedde. Det er veldig kjekt å vite, seier Johnsen i skisenteret.
Banksjefen held fram:
– Og så er det fint å sjå at skisenteret tar dette på alvor og vil sikre at viss det skjer igjen så er dei så godt rigga som mogleg. Og for vår del i banken er det kjekt å bidra til eit godt og viktig formål. Men vi håpar sjølvsagt at dei i framtida ikkje treng scooteren til akkurat slike hendingar som 11. februar, seier Solnørdal.
– Vi må seie tusen takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for denne gåva, og ikkje minst for så rask respons. Denne økonomiske hjelpa gjer at vi no kan ta oss råd til å kjøpe litt anna skredutstyr i tillegg. Veldig kjærkome, avsluttar Jølster Skisenter sin dagleg leiar.
VIKTIG JOBB: Lars Solnørdal rosar Birger Fugle og alle dei frivillige i Jølster Skisenter for innsatsen 11. februar, men også jobben dei gjer elles.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024