VIKTIG FOR NÆRINGSLIVET: I 20 år har Kjetil Kvåle (t.v.) og Kunnskapsparken Vestland vore ein viktig næringsutviklar i Sogn og Fjordane. No er dei tildelt tre millionar kroner til å halde fram med dette. Her får Kvåle gåva av Roy Stian Farsund, direktør på bedriftsmarknaden i banken.
Publisert 12. april 2024

Smiler for gåve på tre millionar kroner

Kunnskapsparken Vestland i Sogndal og Førde har fått ei gåve på tre millionar kroner. – Dette er utruleg viktig for oss, seier Kjetil Kvåle.
Leiaren for Kunnskapsparken Vestland fekk nemleg innkalling til møte med Roy Stian Farsund i Sparebanken Sogn og Fjordane, og her kunne direktøren for bedriftsmarknaden i banken overreke Kvåle ein sjekk som i dobbel forstand var stor.
Gåve på tre millionar kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Viktig for næringslivet
– Kunnskapsparken Vestland tek eit overordna ansvar for næringsutviklinga i Sogn og Fjordane. Dette handlar om to ting. Det eine er å få aktivitet inn til dei bedriftene som endå ikkje eksisterer, med å løfte fram nytt og innovativt næringsliv. Det andre er å utvikle det eksisterande næringsliv, med kompetansepåfyll. Eg veit at Kunnskapsparken Vestland har mange gode aktivitetar knytt til det, sa Roy Stian Farsund då han overrekte sjekken.
Han heldt fram:
– Det er kjekt for oss å tildele tre millionar kroner til dette viktige arbeidet, og vi skal halde fram med å heie på Kunnskapsparken Vestland.
I 20 år
Kjetil Kvåle ville på si side audmjukt takke for gåva, og kunne vise til at desse tre millionane primært skal gå til eit treårig prosjekt for å styrke næringsliv i Sogn og Fjordane.
– Heilt sidan vi starta opp Kunnskapsparken Sogn og Fjordane for 20 år sidan, har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar som gjer regionane våre attraktive å leve og å bu i. Vi står saman og har som mål å knytte menneske saman for å utvikle gode idear. Gjennom alle desse åra er det mange bedrifter som har blitt etablert etter ein prosess saman med oss, seier Kvåle og kan fortelje om at selskap som NLink, Rocketfarm, Melin Medical og Norse Feedback er blant selskapa som er mest kjent dei siste åra.
På Vestlandet
Etter fylkessamanslåinga frå 1. januar 2020, endra selskapet namnet til Kunnskapsparken Vestland.
– Vi er eit regionalt innovasjonsselskap som har kjerneverdiar som handlekraft, samspel og tillit. Dette forpliktar oss og gjev ikkje minst inspirasjon i arbeidet med nyskapande næringsliv, seier den glade gåvemottakaren.
– Desse pengane skal vi bruke for å både etablere ein solid underskog av bedrifter, men også få fram bedrifter som kan levere på det nasjonale og kanskje det internasjonale plan. Vi er etablert i to sterke utviklingsmiljø i Sogn og Fjordane, nemleg Campus i Sogndal og Sunnfjord Peak i Førde, seier Kvåle.
Les også om fleire gåvetildelingar den siste tida:

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!

– Vi er opptekne av å ha eit skikkeleg anlegg, og på den måten har vi sikkert blitt såpass populære, seier Håvard H. Mongstad. No er dei klare for turnering, der billettane for lengst er vekkrivne.

Les heile saka
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024