GJER EIN KJEMPEJOBB: – Vi ser heilt klart kor viktig dette arbeidet er, og eg er overraska over kor enormt store mengder avfall det er snakk om, seier Torunn Mattson (t.h.), banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Her saman med tilsette frå Fjordane Friluftsråd: Guney Sever (t.v.), Lasse Lund, Bjarte Engevik, Karoline Vognild og Anna Kobbeltvedt.
Publisert 9. april 2024

– Gjer ein jobb som angår oss alle

Berre dei siste åra har dei plukka plast og boss i enorme mengder i strandlinja. No får Fjordane Friluftsråd 650 000 kroner i gåve for å halde fram denne viktige jobben.
I løpet av dei tre siste åra har totalt knappe 200 tonn marint avfall blitt plukka opp på strendene i kommunane Solund, Askvoll og Stad. No vil Fjordane Friluftsråd sette støtet inn mot fleire område i Sogn og Fjordane.
– I utgangspunktet er det kommunane Kinn, Stad, Askvoll, Solund, Bremanger og Stryn som er tilslutta oss, men vi skulle gjerne sett at fleire kommunar ser verdien av dette arbeidet. For plast og forsøpling finn ein overalt, i elver, vassdrag og fjordar, seier leiar Bjarte Engevik.
Han held fram:
– Det handlar om å etablere gode haldningar hos folk flest, og det er vel ingen tvil om at slike strandryddings-aksjonar gjer oss merksame på dette enorme problemet, seier Engevik då han får overraskande besøk av Torunn Mattson frå Sparebanken Sogn og Fjordane på kontoret til Fjordane Friluftsråd på Hardbakke i Solund.
I Kinn og Solund
– Vi har to kontor, med fem tilsette i Florø og fire her i Solund. Vi ser det absolutt formålstenleg å vere spreidd slik då det er ein enorm kystlinje vi tek ansvar for. I tillegg til sjølve ryddeaksjonane, så driv vi utstrekt informasjonsarbeid overfor barnehagar, skuleelevar, studentar og folk flest. Det handlar om å skape engasjement og kunnskap om dette. Og det handlar ikkje minst om haldningsarbeid.
Det seier Karoline Vognild, som er tilsett som prosjektleiar for prosjektet «Rydd Sogn og Fjordane 2024-25». Og dei har eit heilt konkret mål om å samle inn heile 40 tonn marint avfall i løpet av dette prosjektet!
Saka held fram under.
FÅR PENGAR: Til den viktige jobben Fjordane Friluftsråd gjer langs kysten vår får dei ei gåve på 650 000 kroner.
Gåve frå bankoverskotet
Med økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan Fjordane Friluftsråd no straks gå i gang med å fjerne endå meir marin forsøpling frå kyst og fjordstrøk, samt utvalde vassdrag.
– Det handlar om å skape engasjement og motivasjon hos frivillige til å ta del i oppryddingstiltak i eige nærmiljø. Vi skal arrangere opne offentlege ryddeaksjonar, rydde saman med skuleelevar, og ikkje minst skal vi innhente større gjenstandar og innsamla strandryddedepot med båten Arlene, som er ein del av Skjergardstenesta i Sogn og Fjordane, orienterer Engevik og tek banksjef i regionen, Torunn Mattson, om bord på fartøyet Arlene som ligg til hamn i Solund. Og kor Mattson kan overrekke sjekken på 650 000 kroner til dette viktige arbeidet.
– Vi ser heilt klart kor viktig dette arbeidet er, og eg er overraska over kor enormt store mengder avfall det er snakk om. Og vi støttar heilt klart ønsket om at dette er noko fleire kommunar burde engasjere seg i. For arbeidet med strandrydding gjer at mange får eit forhold til kor viktig det er å ta vare på naturen. På alle måtar, sa Mattson og overrekte sjekken til Fjordane Friluftsråd.
Støtta til Fjordane Friluftsråd vert gjeve av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Få med fleire
Fjordane Friluftsråd vart skipa i 2017 og i dag er det seks kommunar i Sogn og Fjordane som er tilslutta denne interkommunale organisasjonen.
– Vi prøvar å orientere kommunane om kor viktig jobb dette er, og blir møtt positivt hos dei fleste. No håpar vi til dømes at kommunar som Sunnfjord, Høyanger, Gloppen, Fjaler og Hyllestad melder si interesse. Dei har alle mange kilometer strandlinje, og trongen for å rydde desse er absolutt til stades. Marin forsøpling er nemleg eit problem som angår oss alle, seier Engevik.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!

– Vi er opptekne av å ha eit skikkeleg anlegg, og på den måten har vi sikkert blitt såpass populære, seier Håvard H. Mongstad. No er dei klare for turnering, der billettane for lengst er vekkrivne.

Les heile saka
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024