PÅ HEIMEBANE: Skiskyttarkometen Johan-Olav Smørdal Botn var overraska med Fuorestipendet tysdag kveld. Her med Ann-Serine Hagen og Helge Høvig, som jobbar i Sparebanken Sogn og Fjordane på Nordfjordeid.
Publisert 27. mars 2024

– Her vart eg skikkeleg rundlurt!

Johan-Olav Smørdal Botn kom rett frå topptur med kameratar, og trudde han skulle gå lagsmeisterskap i skiskyting. I staden vart han overraska med Furorestipend og var plutseleg 50 000 kroner rikare.
– No vart eg skikkeleg rundlurt, og eg vart tatt på senga. Men fy søren så kjekt, smilte den nye norske skiskyttarkometen frå Stårheim tysdag kveld.
I skiskyttaranlegget på Harpefossen var alt rigga til årvisst lagsmeisterskap for den driftige klubben, og i tillegg var det ordna med kaker, kaffi, norske flagg og utdeling av Furorestipend på 50 000 kroner. Ann-Serine Hagen og Helge Høvig frå kontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane på Nordfjordeid stod for utdelinga.
Stipendet til Johan-Olav er årets første Furorestipend. Utover året blir det delt ut fleire, og fristen for å søke er 15. juni. Sjekk faktaboks for meir info.
MYKJE FOLK: Det var godt oppmøte då Stårheim IL hadde lagsmeisterskap og Johan-Olav Smørdal Botn fekk stipend.

Fin jobb

– Det er utruleg kjekt å få dele ut dette stipendet til Johan-Olav. Her er det mykje folk vi kjenner, og eg kjenner på meg at dette absolutt er ein takknemleg del av jobben, seier Høvig og vert støtta av Hagen etter at skiskyttarkometen har motteke stipendet og jubel frå innpå 100 frammøtte på skiskyttaranlegget på Harpefossen.
Og spesielt var det viktig for mange av dei yngre representantane i klubben Stårheim at dei fekk møte sitt nye idol.
– Ja, eg håpar at mange av desse yngre ser at det er fullt mogleg å hevde seg internasjonalt sjølv om du kjem frå Stårheim. På den måten håpar eg at idol-omgrepet kan vere viktig. Elles likar eg ikkje for mykje merksemd og vil helst berre drive med det eg likar best, seier Johan-Olav som kom rett til lagmeisterskapen frå randoneetur i sunnmørsfjella.

På fjellet

– Eg reiste saman med nokre kameratar eg fekk under opphaldet på NTG Lillehammer, og vi har vore på Brekketind og Smørskredtind. Fantastisk flotte turar i tøff natur. Og eg håpar eg får fleire slike turar i påska, før fokuset vert flytta mot NM i skiskyting på Geilo om ei vekes tid, seier den ferske Furore-vinnaren.
Han håpar at gode plasseringar i NM skal hjelpe til med at det vert funne plass til han på det norske skiskyttarlandslaget til neste sesong.
– Men det skal vel godt gjerast. Vi er trass alt åtte forskjellige norske skiskyttarar som har vore på sigerspallen i verdscupen denne sesongen. Og så lenge eg berre har ein pallplass, så er eg sikkert rangert på 8. plass. Og det er jo berre seks plassar på landslaget, seier Johan-Olav og gjer seg klar til innskyting av våpenet med tanke på lagsmeisterskapen.
-Det er viktig å vere med for å vise alle dei unge kva eg kan. Dette er det einaste rennet eg får gått lokalt, og då bør eg jo vise litt av det eg kan, seier Furorevinnaren.

Utdanning

24-åringen studerer for tida på fjerde året på masterutdanninga si i idrett, og har med PPU allereie kvalifikasjon som lærar.
– Men med tanke på neste sesong, så kjem eg til å sette masterutdanninga mi på vent og satse 100 prosent på skiskyting. Når eg har komme så langt som eg har opplevd i år, så har eg veldig lyst til å sjå kor langt eg kan drive det, seier han lurt og skottar bort på gamletrenaren Jarle Hafsås.
– Jarle var lenge den viktigaste trenaren min, og så har eg gjennom åra på Lillehammer etterpå hatt mykje kontakt med Ronny Hafsås, sjølv om vi ikkje har vore på same lag. Så Hafsås-namnet har vore med meg i nesten alle år, seier 24-åringen og tek på seg startnummeret og gjer seg klar for å delta i lagsmeisterkapen for Stårheim.
Furorestipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
SETT PRIS PÅ: Vel fortent med kake etter årets sesong for Johan-Olav Smørdal Botn.

Stig Roger Eide

frilans

Fakta om Furorestipendet:

Furorestipendet er eit personleg stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.
Fristen for å søke om Furorestipendet er 15. juni.
Meir om stipendet her

Siste frå meirennbank.no

Vårsjekken på hus og hytte

Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.

Les heile saka
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024
Desse gjer ein jobb som angår oss alle9. april 2024