Topp fem produkt på veg inn i vaksenlivet

Krister Smaadal er leiar for studentsenteret som følger opp dei unge kundane våre. Her får du hans topp fem produkt som kan vere lurt å ha med seg på vegen inn i vaksenlivet.

BSU

BSU er eit kinderegg for unge under 34 år. Du får årleg skattefrådrag, du får den beste sparerenta og du viser god spareevne noko som tel positivt når banken ein dag skal vurdere lånesøknaden din. – Har du skattbar inntekt, er under 34 år og ikkje eig bustad frå før er BSU absolutt den beste spareforma, seier Krister.
Les meir om BSU

Førsteheimslån

Å kjøpe sin aller første heim og ta opp sitt første bustadlån, er for mange både skummelt og spennande på same tid. – Kor tid ein kjøper sin første bustad, er veldig ulikt. Men likt for dei fleste er at det er mange spørsmål, og ikkje alltid heilt lett å vite kor ein skal begynne, seier Krister. Hos oss får du derfor eigen rådgjevar som du kan stille alle spørsmål du måtte ha om bustadkjøp og lån. Med førsteheimslån får du også vår aller beste rente for deg som er under 34 år.
Les meir om førsteheimslån

BankID

– Først av alt: BankID er ikkje det samme som kodebrikka du kanskje har liggande i ei skuff, forklarer Krister. For å få BankID må du ha legitimert deg hos banken din. Med BankID har du ein personleg og elektronisk signatur som kan brukast i alle norske nettbankar og på ei rekke offentlege tenester som Altinn, NAV og Skatteetaten.
Les meir om BankID

Kredittkort

Å kjøpe noko med kredittkort, betyr at du utset betalinga. Det er banken som betaler selgaren, mot at du betaler tilbake på eit seinare tidspunkt. – Skulle kortinfoen din hamne på avvegar, så er det ikkje dine pengar som forsvinn og du slepp å få heile kontoen tømt. Både ved svindel og om du vil klage på eit kjøp, har du fleire rettigheiter ved kredittkjøp, forklarer Krister.

Kredittkortet kan du koble til mobil- og klokkebetaling, og du får 0,5 % tilbake på alle kjøp.
Les meir om kredittkort

Frende Ung

– Mange av dei unge vi snakkar med synast at forsikring kan vere litt tiltak å sette seg inn i og ordne, fortel Krister. Derfor har vi ein skreddarsydd pakke for deg mellom 18 og 30 år med alt du treng. Den inneheld reise-, innbu- og ulykkesforsikring, og du kan forsikre deg sjølv eller deg og sambuaren din.
Les meir om Frende Ung

Andre produkt som kan vere verdt å tenke på