Frende ung er ein skreddarsydd pakke for deg mellom 18 og 30 år som inneheld reise-, innbu- og ulykkesforsikring. Du kan forsikre deg sjølv eller deg og sambuaren din.

Reiseforsikring ung

Ut på storbyferie eller ein tur på fjellet? Fritids- og reiseforsikringa sikrar deg og tinga dine frå du går ut døra heime til du kjem inn att.
Enten mobilen din blir stolen på bussen, eller du skadar deg på storbyferien, er reiseforsikringa den som hjelper deg.
Les meir om reiseforsikring

Innbuforsikring ung

Enten du har kjøpt bustad eller leiger, vil innbuforsikringa sikre alle eigedelar som ikkje er fastmonterte på adressa di opp til 600 000 kroner.
Knuser du mobilskjermen eller søler på tastaturet får du dekka reparasjon eller nytt produkt. I tillegg er det låg eller ingen eigenandel ved uhell og skade.
Les meir om innbuforsikring

Ulykkesforsikring ung

Ei ulykke er kanskje det siste du tenker på i ung alder. Men ulykker kan kome brått på og kan råke alle.
Med ulykkesforsikringa inkludert i Frende ung sikrar du deg økonomisk dersom det verste skulle skje. Dessutan er det ingen eigenandel viss du skadar deg.
Les meir om ulykkesforsikring

Kva dekker Frende ung?

Frende ung er ein forsikringspakke som inneheld reise-, innbu- og ulykkesforsikring.
  • Frende ung singel dekker berre deg
  • Frende ung par dekker deg og partneren din