Publisert 22. mars 2024
Fjellvettreglane gjer skituren tryggare og betre for deg som skal til fjells i påska. Om du derimot har tenkt å halde deg mest innandørs, kan du bruke tida i det økonomiske landskapet med nokre enkle økonomivettreglar frå kunderådgjevar Mats Solheim på vegen.

1 Planlegg turen og meld frå kor du går

– Er du ein som likar å planlegge, kan du bruke litt av påska til å bestille årets sommarferie, tipsar Solheim om. Enten du går for Norgesferie eller har tenkt deg til utlandet, er det lurt å bruke kredittkortet ditt når du bestiller. Då er du sikra i tilfelle turen blir kansellert.

2 Tilpass turen etter evne og forhold

Set opp eit budsjett for sommarferien. Ikkje bruk meir enn du har.
– Enten du reiser med familien eller vennegjengen, ta ein prat og avklar forventningar og kva de ønsker å prioritere å bruke pengar på i løpet av ferien, seier Solheim.

3 Ta omsyn til vêr- og skredvarsel

Sjekk valutakursane og legg ferien til ein plass der du får mest mogleg for pengane. Visste du at også finn valutakalkulatoren i mobilbanken, utan å logge inn? – Gå til menyen oppe i venstre hjørne i innloggingsbilete, og fyll inn valutaen du vil sjekke, forklarer Solheim.

4 Ver forberedt på uvêr og kulde, sjølv på korte turar

Sparer du i fond, vil det gå litt opp og ned kanskje spesielt om du tenker kortsiktig. – Hald deg til spareavtalen og la pengane vekse i det langsiktige løp, er rådet frå kunderådgjevar Solheim.

5 Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre

Noko du alltid har med deg er mobilen. Last ned BankID-appen, Vipps, mobilbanken vår og mobilbetaling, så har du det meste du treng for å ordne bankting når du er på farten. – Berre hugs å ta med mobilladaren også, seier Mats.

6 Ta trygge vegval. Kjenn igjen skredfarleg terreng og usikker is

I påska florerer det ofte med konkurransar, fine premiar og lumske baktankar. – Her er det lett å bli frista, men hugs tommelfingerregelen: er det for godt til å vere sant, så er det mest truleg nettopp det, forklarer Solheim. Her kan du lese meir om korleis du unngår å bli lokka ut på tynn is av svindlarar.

7 Bruk kart og kompass. Vit alltid kor du er

– Vit at så fort du går ut døra heime og noko skulle skje, så vil reiseforsikringa dekke deg, fortel Solheim. Reiseforsikringa til Frende er kåra til best i test fleire år på rad, og du har også gratis legetime inkludert. Du finn reiseforsikringsbeviset ditt på Mi side.

8 Vend i tide, det er ingen skam å snu

Er du ute på handletur, er det er ingen skam å ombestemme seg på noko du har tenkt å kjøpe. Bra for kontoen og bra for miljøet.

9 Spar på kreftene, og søk ly om nødvendig

Mats Solheim er klar for påskefjellet og håpar økonomivettreglane kjem godt med.

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024