Stadig nye svindelforsøk - dette må du vere obs på

Svindelmetodane varierer og det kjem stadig nye forsøk frå inn- og utland for å svindle kundane våre. Du må ALDRI gi i frå deg sensitiv informasjon som BankID eller påloggingsinformasjon til nettbanken. Digital informasjon kan lett forfalskast, så vèr kritisk og vurdèr innhald nøye før du klikkar på noko. Hugseregelen er: Stopp - tenk - sjekk.

Mistenker du at du har blitt svindla?

Ring oss på 57 82 97 00 så fort som mogleg!
Du kan også ringe i helger og utanom våre vanlege opningstider. Vi skal prøve så godt vi kan å stoppe svindelen. Jo fortare du ringer, jo raskare kan vi kome i gang.

Dette gjer du for å unngå å bli svindla

  • Aldri gi frå deg sensitiv informasjon. Banken din, politiet eller andre institusjonar vil aldri be deg om passord, kodar eller brukarnamn, til dømes BankID. Du skal ALDRI dele passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner!
  • Ikkje la deg lokke eller skremme av nokon. Svindlarar vil prøve å lokke deg med tilbod, skremme deg med at du er hacka eller at du er i vanskar. Dei vil prøve å få deg til å flytte pengar, be deg oppgi informasjon, og prøve å få deg til å tru at du har dårleg tid.
  • Dobbeltsjekk avsendar. Er du usikker på om melding, e-post eller telefon er frå den dei påstår dei er? Slett e-posten eller legg på telefonen med den du snakkar med, og ring direkte til kundesenteret til banken eller den aktuelle bedrifta.
  • Ikkje godkjenn betalingar eller påloggingar du ikkje har starta sjølv. Trykk på avbryt eller steng ned PC'en.

Ulike aktuelle former for svindelforsøk

SMS eller e-post om at pakken din ventar

Har du bestilt noko eller kjøpt noko med "Helt hjem" og ventar på pakken din? Pass på falske meldingar frå nokon som utgir seg for å vere til dømes Posten, PostNord eller DHL om at pakken din ventar på henting og at du må oppdatere adresse. Pakken din kjem fram utan at du treng å oppdatere noko som helst.

Oppdatere BankID

Får du SMS eller e-post om at du må oppdatere BankID-informasjonen din eller aktivere BankID-appen på nytt, er det garantert svindel. Du vil ikkje motta lenker frå BankID eller banken som omhandlar app-skiftet, og vi vil ikkje bruke SMS, e-post eller telefonoppringingar for å informere om dette. Hugs at du aldri skal dele dine BankID-opplysningar med andre.

Melding frå "Skatteetaten"

I tida då skattemeldingane kjem aukar ofte svindelforsøka. Hugs at Skatteetaten aldri vil be deg om kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via SMS eller e-post. Dei sender heller ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS. For å vere trygg, logg deg alltid inn via skatteetaten.no eller altinn.no. Les meir om Skatteetaten sine sikkerheitsråd her.

Vanlege svindelformer

Kva gjer du om får ein mistenkeleg e-post eller SMS?