Vil du betale, overføre eller ordne andre banktenester før påske? Sjå eigne fristar i samband med helgedagane.

Før påskehelga - eigne fristar

Skal du betale noko i påska må det skje onsdag 27. mars før kl. 14.00.
Nettbank Privat og Mobilbank - innan onsdag 27. mars kl. 14.00
Nettbank Bedrift – innan onsdag 27.mars kl. 14.00
Ved seinare registrering blir forfallsdato tysdag 2. april 2024.
NB! Betalingar/overføringar til eigne konti og andre konti i vår bank går til mottakar sin konto med det same.

Betaling til utlandet

Onsdag 27. mars før påskehelga må betalinga vere registrert innan kl. 12.00, dersom den skal bli behandla same dag.
Tidspunktet for når transaksjonen er på mottakar sin konto vil variere frå land til land.

Avvikande opningstider onsdag 27. mars

Kundesenter og bedriftssenter: 08.00 - 12.00
Sikker chat: 08.00 - 11.30
Bankkontora våre: 10.00 - 12.00
Kundesenteret, bedriftssenteret og kontora våre er stengt gjennom påskehelga til vi er på plass igjen tysdag 2. april. Sperretenesta vår vil vere open heile påska, der du kan sperre kort, BankID og konto. Telefonnummeret til sperretenesta er 57 82 97 00.

VI ØNSKER DEG OG DINE EI RIKTIG GOD PÅSKE !