Slik fungerer kontaktlaus betaling



Når du skal betale i butikk kan du gjere det på fleire måtar; du kan bruke Android-telefonen din, iPhone, smartklokka di eller Vippse. Og du kan betale kontaktlaust med bankkortet ditt, eller «tæppe» som ein kallar det.
Kontantar og betalingsterminalar kan vere ei kjelde til smitte, og derfor anbefaler WHO og fleire butikkar å betale kontaktlaust, altså å halde bankkortet inntil betalingsterminalen utan å taste pinkoden. Legg du inn kortet ditt i Google Pay, Fitbit Pay eller Garmin Pay, kan du også betale alle beløp kontaktlaust med mobiltelefon eller klokka di.

Google Pay

For å kunne bruke Google Pay treng du ein Android-telefon versjon 5.0 eller nyare, eit visakort med kontaktlaus betaling frå oss og Google Pay-appen som du lastar ned i Google Play.
I butikken aktiverer du skjermen og held eininga over ein betalingsterminal når du handlar for under 500 kr. Ved betaling av beløp over 500 kroner krevst det at du låser opp telefonen/nettbrettet/eininga med kode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning.
Sjå også meir om Google Pay på nettsida vår.

Apple Pay

For å bruke Apple Pay på iPhone må du ha iPhone 6 eller nyare, og for å registrere bankkortet ditt må du logge inn i mobilbanken vår, eller opne Wallet-appen på din iPhone. For at Apple Pay skal fungere hos deg må du enten ha Visa Classic, Visa Kreditt eller Visa Debet. Aldersgrensa for å bruke Apple Pay er 13 år.
I tillegg kan du også bruke Apple Watch, Mac og iPad til betaling med Apple Pay. For fullstendig oversikt over kva Apple-einingar som kan brukast til Apple Pay, sjekk Apple si heimeside her. Sjå også meir om Apple Pay på nettsida vår.

Klokkebetaling

Har du smartklokke frå Fitbit eller Garmin? No tilbyr vi klokkebetaling. Registrer bankkorta dine i klokka, og så har du kontaktlaus betaling rett frå armen din.
Du kan betale med klokka di der symbolet for kontaktlaus betaling viser. Inga beløpsgrense, og ikkje krav til å taste PIN-kode om beløpet er over 500 kroner.
Du vil opprette ein personleg pin-kode som gjeld for klokka, og denne må aktiverast etter 24 timar, eller kvar gong klokka misser kontakt med pulsen din.

Korleis kome i gang med klokkebetaling?

  • Du treng ei Garmin klokke med Garmin Pay eller Fitbit klokke med Fitbit Pay
  • Versjon Android 4.4 eller seinare
  • Versjon 9 av iOS eller seinare
  • Fitbit app for mobil
  • Garmin Connect Mobile (GCM) app finst i alle kompatible einingar
Fitbit Pay
  • Last ned Fitbit-appen og synkroniser med Fitbit-klokka di
  • Legg til visakortet ditt i Fitbit Pay via Fitbit-appen.
Garmin Pay
  • Last ned appen Garmin Connect og synkroniser med Garmin-klokka di
  • Legg til visakortet ditt i Garmin Pay via Garmin Connect-appen.
Sjå meir om klokkebetaling på nettsida vår.

Trygg betaling utan å taste PIN

Handlar du for under 500 kroner i butikken og skal betale med bankkort, kan du gjere dette utan å taste PIN. Beløpsgrensa på 500 kroner er med på å minimere misbruk dersom du mister kortet. I tillegg vil du med jamne mellomrom bli bedt om å taste PIN, uavhengig av beløp, nettopp for å gjere løysinga tryggast mogleg. Når du betaler kontaktlaust slepp du også å bekymre deg for at personen bak deg i køa ser PIN-koden din. Kortet kan du enkelt sperre slik at uvedkomande ikkje kan bruke det, dersom det skulle bli stole.

Vipps

Mange butikkar tilbyr Vipps-betaling. Det fungerer ved at du i Vipps-appen trykker «skann» og deretter skannar du ein QR-kode som står på terminalen.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024