Har du smartklokke frå FitBit eller Garmin? No kan du bruke den å betale med. Registrer bankkorta dine i klokka, og så har du kontaktlaus betaling rett frå armen din!

Korleis fungerer klokkebetaling?

Du kan betale med klokka di der symbolet for kontaktlaus betaling viser. Det er ingen beløpsgrense, og ikkje krav til å taste PIN om beløpet er under 500 kroner.
Du vil opprette ein personleg PIN som gjeld for klokka, og denne må aktiverast etter 24 timar, eller kvar gong klokka mister kontakt med pulsen din.

Korleis kome i gang?

  • Du treng ei Garmin-klokke med Garmin Pay eller Fitbit-klokke med Fitbit Pay.
  • Versjon Android 4.4 eller seinare.
  • Versjon 9 av iOS eller seinare.
  • Fitbit-app for mobil.
  • Garmin Connect Mobile (GCM)-app finst i alle kompatible einingar.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om kontaktlaus betaling

BankID, BankID-app og mobilbank: Kan du forskjellen?

Les heile saka
BankID, BankID-app og mobilbank: Kan du forskjellen?2. september 2021
Reduser smitterisiko med kontaktlaus betaling17. mars 2020