Med Apple Pay kan du enkelt betale med Apple-produktet ditt - både i butikken, via appar og på nett. Registrer bankkorta dine frå Sparebanken Sogn og Fjordane og kom i gang.

Ta i bruk Apple Pay

For å bruke Apple Pay på iPhone må du ha iPhone 6 eller nyare, og for å registrere bankkortet ditt må du logge inn i mobilbanken vår, eller opne Wallet-appen på din iPhone. For at Apple Pay skal fungere hos deg må du enten ha Visa Classic, Visa Kreditt eller Visa Debet. Aldersgrensa for å bruke Apple Pay er 13 år.

Slik legg du til kortet i mobilbanken

  • Logg inn i mobilbanken
  • Gå i menyen og trykk på «Kort» og deretter «Mine kort»
  • Vel ønska betalingskort
  • Trykk på «Legg til i Apple Wallet»
  • Følg instruksane og godkjenn
  • No får du ein SMS om at alt er i orden
No kan du betale med Apple Pay!

Slik legg du til kortet i Wallet

  • Opne Wallet-appen på din iPhone
  • Trykk på pluss-teiknet i høgre hjørne – og trykk deretter på «fortsett»
  • Scann VISA-kortet ditt
  • Legg til CVV-koden (tresifra kode på baksida av kortet ditt)
  • Les og godkjenn avtalen
  • Verifiser kortet ditt
  • Legg inn koden du får på SMS
No kan du betale med Apple Pay!

Slik betaler du med Apple Pay

Sjå etter symbolet for kontaktlaus betaling, eller symbolet til Apple Pay. Dette gjeld både på butikken, i appar og på nettsider.

Betal med Apple Watch i butikk

  • Dobbeltklikk på sideknappen
  • Hald Apple Watch-skjermen i nærleiken av terminalen
  • Vent til du kjenner eit lett trykk

Betal med iPhone i butikk

  • Dobbeltklikk på sideknappen eller heimknappen
  • Etter kva versjon av iPhone du har, bruk «FaceID», «TouchID» eller skriv inn sikkerheitskoden du har på iPhone
  • Hald den øvste delen av iPhone i nærleiken av terminalen til det står «Ferdig» og viser eit «✔» på skjermen

Vilkår

For fullstendig oversikt over kva Apple-einingar som kan brukast til Apple Pay, sjekk Apple si heimeside her.
Du kan sjå dei ti siste betalingane du har utført i Apple Wallet, og du kan sjå alle betalingar i nett- og mobilbanken.

Ting folk lurer på