Tips til deg som skal i konfirmasjon

For dei fleste konfirmantar er det pengar som står øvst på ønskelista, men i staden for kontantar, kva med å overføre eit beløp øyremerka til fond eller bustadføremål?
Vel du å Vippse eller setje pengane på ein sparekonto, kan konfirmanten få raskare tilgang på pengane. Det meiner kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Siv Havro, er verdt å tenke over når ein gir pengegåva.
– Det kan vere stor forskjell på korleis ein prioriterer å bruke pengane sine når ein er 15 eller 18 år, i motsetnad til når ein er kome opp i 20- eller 30-åra, seier Havro.

Kortsiktig eller langsiktig pengegåve

Lenge har det vore tradisjon å få ein konvolutt med nokre setlar oppi, men Havro har tips til andre pengegåver du kan gi konfirmanten:
  • Sett inn pengar på sparekonto
  • Øyremerk pengar som skal gå til fondssparing eller aksjesparing
  • Gi pengar til bustadføremål, kanskje har konfirmanten ein Bustadsparekonto?
– Å sette pengar i fond eller på ein bustadsparekonto, er to gåver som har ein langsiktig horisont. Det er foreldra til konfirmanten som må signere for å opprette fondet, så avklar dette på førehand, seier ho.

Unngå beløpspress

For nokre gjestar kan det vere viktig at konfirmanten får sjå pengane, men dette meiner Havro kan bidra til eit beløpspress, og er i tillegg mindre trygt.
– Eg har høyrt om nokre tilfelle der pengesetlane har hamna i bosset fordi konvolutten har falle ut eller mottakaren trudde den var tom, seier Siv Havro og held fram:
– Ein kontantfri konfirmasjon vil truleg gjere at gjestane føler mindre på gåvepresset, nettopp fordi pengane blir mindre synlege. Ein kan også droppe å skrive beløpet på kortet, men heller fokusere på kva pengeoverføringa er øyremerka til, til dømes noko konkret som konfirmanten sparer til, seier Havro.

Lær meir om dei aktuelle produkta

Bustadsparing

Konfirmasjonsgåva kan vere ein fin måte å kome i gang med sparing til bustad. Bustadsparekonto er ein konto for sparing til bustad, der ein kan spare inntil 30.000 kroner i året, men gir ikkje skattefrådrag.

Fond og aksjar

Det kan vere lurt å starte langsiktig sparing allereie som konfirmant. Ei fin gåve kan vere å gi pengar som er tenkt til sparing i fond og aksjar. Hugs at dersom du ønsker å gi ei slik gåve, er det foreldre eller verje til mottakaren som må signere, så hugs å avtal dette i forkant.

Vipps og kontantfri gåve

Det har blitt vanleg å Vippse pengegåver til både bursdag, dåp eller konfirmasjon. For å bruke Vipps, må barn under 18 år også ha nettbankavtale.

Hugs bunadsforsikring

Mange er ikkje klar over at innbu- eller reiseforsikring ofte ikkje dekker bunaden godt nok.
Les meir om bunadsforsikring