Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring

Nordmenn bruker gjerne 40 000 kroner på ein bunad, men dropper å forsikre den.
– Det kostar cirka 30 kroner i månaden å forsikre ein bunad som kostar 40 000 kroner. I året snakkar vi 360 kroner. Det er veldig lite sett opp mot kostnadane ved ein skade, seier leiar for forsikring i Sparebanken Sogn og Fjordane, Tor Ulsten.
Ei god forsikring dekker alle typar bunadsskader, tjuveri og gjeld over heile verda.

Ikkje dekka av innbuforsikringa

Mange trur nok at bunaden er dekka gjennom innbuforsikringa, men det stemmer ikkje heilt ifølge forsikringseksperten.

– Ei innbuforsikring vil dekke bunaden din så lenge den heng i skapet heime, men skal du ha ei god forsikring når bunaden er i bruk på reise eller ute i 17. mai-tog bør du ha ei eiga forsikring for den, forklarer Tor Ulsten i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vil ei reiseforsikring dekke bunaden?

– Berre delvis. Ei reiseforsikring har ei maksimal avgrensing i beløp pr. gjenstand, slik at den ofte ikkje dekker dei verkeleg kostbare eigedelane fullt ut. Det er derfor vi anbefaler ei eiga verdigjenstandforsikring for eigedelar verdt meir enn 20 000 kroner, seier Ulsten.
Han minner også om at ei reiseforsikring ikkje dekker skadar som er forårsaka av deg sjølv, for eksempel ved eit fall.
– Ei bunadsforsikring gjeld over heile verda, og dekker alle typar skadar, også skadar du er sjølv er skyld i. Folk sparer gjerne lenge for å få råd til bunaden. Då er det dumt å ikkje kunne bruke den utan å vere bekymra for skadar, seier Ulsten.
Har du andre forsikringar i Frende, kan du kjøpe bunadsforsikring hos oss
Bestill bunadsforsikring

Vanlege bunadsskadar

  • Flekkar frå mat og drikke, brente hol og stoff som blir reve på spisse kantar.
  • Skade etter brann eller uhell i nærleik av sjø og vatn.
  • Andre skader kan kome frå møll eller fukt etter feil oppbevaring.

Slik behandlar du bunaden din

  • Luft bunaden godt etter bruk. Tørk av med ein fuktig klut viss det er overflateflekkar på stakk eller vest.
  • Lever bunaden til reinsing ved behov.
  • Skjorta skal vaskast for hand. Bruk vaskemiddel som er spesielt eigna for dette formålet. Skyl skjorta 5-6 gonger etter vask.
  • Får du ein flekk på ei kvit skjorte er blautlegging i iskaldt vatn i 24 timer eit undervurdert kjerringråd.
  • Bunad og skjorte skal oppbevarast luftig og tørt i ein bomullspose.
  • Putt cedertrekuler i klesskapet eller bunadsposen. Møll skyr lukta. Menneske kjenner inga lukt.
  • Viss du skal reise med bunaden din, ha den i ein bunadspose og ta den med som handbagasje. Dette gjeld også sølvet.