Tips til deg som skal i konfirmasjon

Gjer konfirmasjonen kontantfri

For dei fleste konfirmantar er det pengar som står øvst på ønskelista, men kva med å droppe kontantane og heller gi pengegåva på ein enklare og tryggare måte?
– Eg synast kontantar er litt tungvint. Då må eg i banken å setje dei inn. Dessutan er det litt skummelt å bære rundt på så mykje pengar. For meg er det enklare å motta pengegåva på andre måtar, seier komande konfirmant Sanne Furesund Grimeland.

Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Tor Inge Feidje, støttar Grimeland i at det finst enklare måtar å gi ei pengegåve enn kontantar. Her får du hans tips til pengegåver du kan gi konfirmanten:
  • Sett inn pengar på sparekonto
  • Du kan Vippse eit beløp
  • Øyremerk pengar som skal gå til fondssparing eller aksjesparing
  • Gi pengar til bustadføremål, kanskje har konfirmanten ein Bustadsparekonto?

Kortsiktig eller langsiktig pengegåve

Å sette pengar i fond eller på ein bustadsparekonto, er to gåver som har ein langsiktig horisont. Det er foreldra til konfirmanten som må signere for å opprette fondet, så avklar dette på førehand.
Vel du å vippse eller setje pengane på ein sparekonto, kan konfirmaten få raskare tilgang på pengane. Det meiner Feidje er verdt å tenke over når ein gir pengegåva.
– Det kan vere stor forskjell på korleis ein prioriterer å bruke pengane sine når ein er 15 eller 18 år, i motsetnad til når ein er kome opp i 20- eller 30-åra, seier Feidje.

Unngå beløpspress

For nokre gjestar kan det vere viktig at konfirmanten får sjå pengane, og derfor vel å gi kontantar, men dette meiner Feidje kan bidra til eit beløpspress. I tillegg er det mindre trygt.
– Eg har høyrt om nokre tilfelle der pengesetlane har hamna i bosset fordi konvolutten har falle ut eller mottakaren trudde den var tom, seier Tor Inge Feidje og held fram:
– Ein kontantfri konfirmasjon vil truleg gjere at gjestane føler mindre på gåvepresset, nettopp fordi pengane blir mindre synlege. Ein kan også droppe å skrive beløpet på kortet, men heller fokusere på kva pengeoverføringa er øyremerka til, til dømes noko konkret som konfirmanten sparer til, seier Feidje.
Og til dei som synast at det er litt uformelt å vippse ei konfirmasjonsgåve, har Feidje eit tips.
– For 5 kroner ekstra kan du sende pengane dine som ei gåve i Vipps. Då får mottakaren seg ei fin overrasking når dei opnar Vipps – med både konfetti og eiga innpakning. Du vel sjølv korleis du vil at innpakninga skal sjå ut, og du kan skrive ei hyggeleg helsing som viser når gåva blir opna, forklarer Feidje.