Skal du spare til pensjon eller til bustadkjøp, med ein sparehorisont på fem år eller meir, anbefaler vi deg å plassere pengane dine i fond. Vår samarbeidspartner og leverandør av fond er Norne Securities.
Kva forskjellige fond kan ein velje mellom?
Det kan vere lurt å finne den typen fond som passar best til deg, når du skal starte å spare i fond. Du kan velje mellom rentefond, kombinasjonsfond, aksjefond og indeksfond.
Rentefond
Rentefond eit fond som plassera pengane i renteberande papir, som sertifikat og obligasjonar.
Kombinasjonsfond
Kombinasjonsfond er ein kombinasjon av rentefond og aksjefond.
Aksjefond
Aksjefond er eit verdipapirfond, der min 80% av andeleigaren sin kapital er investert i aksjemarknaden.
Indeksfond
Indeksfond har som mål å følge utviklinga i eit eller fleire aksjemarknadar. Den har som føremål å spegle indeksen den blir samanlikna med.
Start fondssparing
Har du vurdert å starte fondssparing? Har du allereie gjort ei vurdering av kva risiko du er komfortabel med å ta? Under kan du velje ein fondspakke som samsvarar med din risikovilligheit. Fondsleverandøren vår, Norne, har sett saman fondspakkar med forskjellige risikoklassar:
Kvifor spare i fond?
Historisk sett har det gitt betre avkastning å plassere pengane i fond, enn å ha dei ståande på ein bankkonto. Du vel sjølv kva type fond du vil investere i, og om du vil ha høg eller låg risiko. Å investere i eit fond, vil seie å investere i fleire selskap samtidig. Dette er selskap som fondsforvaltarane våre vel ut og har trua på.
Investorvern og kundeavtaler
Lurer du på kva det kostar?
Prat gjerne med oss om fond
Har du spørsmål eller lurer du kanskje på kva type fond som passar for deg? Kontakt oss for ein prat så finn vi ei løysing som passar for deg!

Gunnar Heggheim
Førde, Fagspesialist, Leiingleiar investeringssenter916 80 362gunnar.heggheim@ssf.no



Målfrid Standal Reksten
Florø, Fagspesialistkonsulent investeringssenteret458 75 797maalfrid.reksten@ssf.noTing folk lurer på
meirennbank.no om fondssparing

Tre grunnar til å fortsette fondssparinga – sjølv i usikre tider
– Eg meiner det alltid er viktig å spare, og kanskje spesielt no, seier leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunnar Heggheim.
Tre grunnar til å fortsette fondssparinga – sjølv i usikre tider10. februar 2023
Derfor bør du ha ein Aksjesparekonto4. april 2022