Pensjonssparing (IPS)

IPS (individuell pensjonssparing) passar for deg som vil binde sparepengane til pensjonsalder. Pengane får du når du blir pensjonist, og må fordelast over 10 år, eller lenger - om du vil.

Fakta om IPS
• Høver for alle som kan spare langsiktig til pensjon og har skattepliktig inntekt
• Du kan spare inntil kr 40 000 per år
• Frådrag i inntekta på 23 % av sparebeløpet, maks kr 9 200 skatteåret 2018  *)
• Utbetalinga blir skatta med same sats som frådraget
• Ingen formueskatt av sparebeløpet og avkastninga
• Pengane blir utbetalte frå pensjonsalder (tidlegast 62 år), og må gå over minst 10 år og kan ikkje avsluttast før ved fyllte 80 år
• Ved død blir kapitalen utbetalt i følgjande rekkefølgje: 1) barn under 21 år som barnepensjon, 2) ektefele/sambuar som etterlattepensjon, 3) dødsbuet som eingongsutbetaling.

*) For skatteåret 2019 er satsen 22% - maks kr 8 800.

Les meir korleis du bestiller IPS i nettbanken her.

Fleksibelt og lett å endre
Du kan sjølv sette saman di eiga sparing med den samansetninga du sjølv ønskjer. Dersom du ikkje vil ha aksjar i sparinga di, kan du velje reine rentefond med svært låg risiko, og du kan også velje sparing med berre aksjefond dersom det høver best for deg. Du kan endre fondssamansetninga di når du ønskjer, og slike endringar kostar ikkje noko ekstra.

 

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00