Individuell pensjonssparing (IPS) er eit gunstig spareprodukt for deg som vil spare til eigen pensjon, og samtidig redusere skatten din medan du sparer. Du bind sparepengane på IPS til pensjonsalder, og utbetalinga må fordelast over minst 10 år.

Viktig å vite om IPS

  • Du kan spare inntil 15 000 kroner i året, nytt i 2022.
  • Du får utsett skatt på inntil 3 300 kroner eller 22 % av årleg sparebeløp.
  • Utbetalinga blir skatta med same sats som frådraget.
  • Ingen formueskatt av sparebeløpet og avkastinga.
  • Pengane blir utbetalt frå pensjonsalder, og tidlegast frå 62 år. Utbetalinga må gå over minst ti år, og kan ikkje avsluttast før du fyller 80 år.
  • Ved død blir kapitalen utbetalt til barn under 21 år som barnepensjon eller til ektefelle/sambuar som etterlattepensjon.

Fleksibelt og enkelt

Du kan sette saman di eiga sparing slik du sjølv ønsker. Dersom du ikkje vil ha aksjar i sparinga di, kan du velje reine rentefond med svært låg risiko. Du kan også velje sparing med berre aksjefond dersom det passar best for deg. Du kan endre fondssamansetninga di når du ønsker det, heilt kostnadsfritt.

Ting folk lurer på