RÅD: Gunnar Heggheim er leiar på investeringssenteret til banken, og i denne artikkelen kjem han med svar på kvifor ein bør fortsette fondssparinga.
Publisert 10. februar 2023

Tre grunnar til å fortsette fondssparinga – sjølv i usikre tider

– Eg meiner det alltid er viktig å spare, og kanskje spesielt no, seier leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunnar Heggheim.
Leiaren for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner sparing er smart, uansett. I dag sparar rundt 40 prosent av kundane over 18 år i fond. Og det bør dei fortsette med, meiner Heggheim.
Gunnar sine grunnar for å spare i fond:
  • Du får langsiktig meiravkastning
  • Du tar del i verdiskapinga i næringslivet
  • Du beheld kjøpekrafta til kapitalen din
– Eg har enorm respekt for dei som slit med prisvekst, renteauke og straumprisar. Då er det freistande å avslutte spareavtalar ein har. Mitt tips er å justere ned summen om du kjenner du treng pengane til andre ting, i staden for å kutte ut spareplanen heilt. Kuttar du tvert går du heilt ut av marknaden, og det kan vere lett å gløyme å kople seg på igjen seinare, seier han.


– For dei fleste lønnar det seg å halde seg til planen

Sjølv om det svingar i marknaden, vil det for dei aller fleste lønne seg på lang sikt å sitte stille i båten.
– Det kan vere ubehageleg å sjå raude tal. Det er ein grunn til at eg ber dei fleste kundane mine om å ikkje følgje med for mykje. For dei aller fleste vil det lønne seg å halde seg til spareplanen og ikkje sjå på dei kortsiktige svingingane. Hugs at ved å halde på avtalane får du kjøpt fleire andelar for same kronebeløp når aksjemarknaden går ned, seier han.
Han seier at sjølv om det er nokon som føler behov for å ta ned beløpa dei sparer, så er det nok også mange av kundane i banken som med fordel kunne auka opp sine avtalar.
– Vi har fleire kundar som oppretta seg ei spareavtale for 5-10 år sidan, og har sidan då både betalt ned gjeld, fått betre løn og kanskje kome i ny livsfase med meir rom. Dei har heilt gløymt å justere opp i takt med livsendringa, og dei bør vurdere å justere opp avtala si for å auka langsiktig inntening, seier han.


Sparerobot og fondspakkar

Sjekk også ut videoane våre om den nye spareroboten vår og dei ulike fondspakkane vi tilbyr. Videoane kan du sjå under om du er på mobil, og til høgre om du sit på PC.
Spareroboten kan du sjølv teste her, og meir fondspakkane kan du lese om her.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det?

Arne Sæterbakken, leiar for finans, forklarar uroa som har vore i den internasjonale bankmarknaden dei siste vekene.

Les heile saka
Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det? 20. mars 2023
Lagar hjelpande hender til det lokale næringslivet 16. mars 2023
Restskatt? Her er banksjef Lars sine beste råd 14. mars 2023
Kvinner sparar som aldri før8. mars 2023