Dersom du drøymer om å kjøpe din eigen bustad, er BSU den beste spareforma for deg under 34 år. Du kan spare inntil
27 500 kr årleg og få opp til 2 750 kr i skattefrådrag.

Gode grunnar til å velje BSU

  • Du kan spare til og med ut året du fyller 33 år.
  • Du kan spare inntil 27 500 kr i året.
  • For skatteåret 2024 får du 10 % skattefrådrag på det du set inn - inntil 2 750 kroner på det du sparar i løpet av året.
  • Du kan spare inntil 300 000 kroner direkte til bustadføremål på BSU.
  • Du får den beste sparerenta vår, og beheld den til du fyller 35 år.
  • Pengane frå BSU kan du bruke til å kjøpe bustad eller til nedbetaling av bustadlån. I tillegg kan du bruke pengane til oppgradering og vedlikehald av bustaden din.
  • Det er enkelt å opprette BSU sjølv, og du får full kontroll over kva du har spart i både mobil- og nettbank.
Opprett spareavtale til BSU
Her finn du rentesatsen

Hugs fristane

Ønsker du å spare i BSU og få skattefrådrag for 2023, er fristen for å overføre 29. desember klokka 13.30.

Ønsker du å flytte BSU-kontoen din til oss frå anna bank er fristen 8. desember.
Her kan flytte BSU-kontoen

Verdt å vite om BSU

Eig du bustad, får du ikkje skattefrådrag - Det er berre du som ikkje eig eigen bustad som får skattefrådrag. Eig du eigen bustad kan du framleis spare i BSU til god rente, men får ikkje skattefrådraget.
Ikkje spar når du ikkje har inntekt! - For å få skattefordelane må du ha skattbar inntekt, og du kan ikkje få meir i frådrag enn du skattar.

Bruk av BSU konto -
Når du først brukar BSU-kontoen kan du ikkje fortsette å spare.
Eig du bustad? Dersom du allereie eig bustad kan ein ikkje opprette BSU.

Ønsker du å avslutte BSU kontoen din?


Dersom du skal avslutte BSU-kontoen din for å kjøpe bustad eller betale ned på lånet ditt, kan du enkelt gjere dette ved å sende inn ein skjema for avslutning av BSU-konto.

Skjema for BSU

Ting folk lurer på