Publisert 7. mars 2024

­Rekordmange frivillige har søkt om gåvemidlar

Dei to eigarstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane opplever ein større søknadspågang frå frivilligheita enn nokon gong. – Det synast vi er fantastisk!
Det seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, som begge deler ut gåver av overskotet til banken. Vårens søknadsrunde er nettopp ferdig.

Historisk mange

Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i vinter halde søknadskurs på fem stader i Sogn og Fjordane, og til saman har nesten 300 delteke. No melder dei to stiftingane at det til saman er søkt om midlar til om lag 500 små og store prosjekt. Aldri før har det kome inn så mange søknadar på våren.
– Det er rett og slett fantastisk at så mange lag og organisasjonar har sendt inn søknadar. Det viser at viljen og lysten til å få ting til i lokalmiljøet vårt er stort, seier Trond Teigene.
– Det er kome inn gode søknadar til veldig mange ulike prosjekt. Alle dei som legg ned dugnadstimar på dugnadstimar i lokalmiljøa sine for at andre skal få eit betre fritidstilbod, dei fortener verkeleg stor ros. Og desse er det mange av i heile Sogn og Fjordane. I tillegg har vi også mange organisasjonar som jobbar godt for å utvikle næringslivet i området vårt, utdjupar han.

– Utviklar lokalmiljøa sine

I 2023 vart det totalt delt ut 80,3 millionar kroner frå bankoverskotet. Desse pengane er gitt gjennom dei nemnde stiftingane, i tillegg til gåver direkte frå banken.
I 2024 er det venta at summen vert ein god del høgare.
– At det går pengar tilbake i samfunnet der pengane er skapt, er veldig kjekt. Og det er slik sparebankar er bygd opp. At stiftingane våre kan dele ut pengar til gode formål frå overskotet vårt, er takka vere kundane våre, som nettopp gjennom å vere kunde er med på å utvikle lokalmiljøa sine, forklarer Teigene.
(Artikkelen held fram under bildet.)
MANGE HAR SØKT: – Det viser at viljen og lysten til å få ting til i lokalmiljøet vårt er stort, seier Trond Teigene.
Mot slutten av 2024 vert Sparebanken Sogn og Fjordane til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og nokre kundar lurer på om noko rundt eigarstrukturen og gåvene vil endre seg då.
– Svaret på det er nei. Vi er og blir ein sjølvstendig bank med lokal forankring. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler skal framleis vere eigarane våre, og gåver blir som i dag delt ut til lokalsamfunnet. Det skulle sjølvsagt berre mangle, men det er viktig for oss, seier Teigene.

Ny runde til hausten

Neste frist for å søke om midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er 1. september, men det er mogleg å sende forenkla søknadar opp til 30 000 kroner heile året.
Når det gjeld Sparebankstiftinga Fjaler har dei éi gåveutdeling i året, som er på våren. Denne stiftinga delar ut pengar til samfunnsnyttige formål i Fjaler Sparebank sitt gamle nedslagsområde. Også her er det mogleg å søke om "på rappen"-midlar.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

80,3 millionar i 2023

I 2023 vart det delt ut 80,3 millionar kroner i gåver. Desse pengane vart gitt via Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og gåver direkte frå banken.

Slik var fordelinga:
Friluftsliv og idrett: 39%
Helse, sosiale tiltak og miljø: 18%
Kompetanseutvikling og utdanning: 17%
Kunst og kultur: 17%
Næringsarbeid: 9%

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024