KURSTURNÉ I GANG: Yngve Thorsen er gåvesjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i desse dagar reiser han rundt om i Sogn og Fjordane for å halde søknadskurs. Her frå starten i Stryn denne veka.
Publisert 26. januar 2024

Vil gjerne ha mange søknadar

Fram mot 1. mars reiser Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane rundt for å motivere frivillige i å skrive søknad om støtte frå stiftinga. – Vi vil gjerne ha mange søknadar frå heile Sogn og Fjordane, seier han.
Denne veka gjennomførte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt første kurs for interesserte i Stryn. Innpå 30 deltakarar frå store delar av det frivillige organisasjonslivet i Nordfjord stilte og vart oppmoda om å søke støtte til sine prosjekt.

Vekst i 2024

Historisk sett har rammene til eigarstiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane auka gradvis. Stiftinga deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak med bakgrunn i visjonen om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane.
Leiar for gåve- og samfunnskontakt i stiftinga, Yngve Thorsen, kunne orientere om at dei ventar vekst på dette området også i 2024.
– I 2021 hadde vi 28 millionar til fordeling. I 2023 var dette beløpet meir enn dobla då vi delte ut over 58 millionar i fjor. Vi ventar vekst også i 2024, og då er håpet at vi får inn mange, spennande søknadar, sa Thorsen til grupperinga av frammøtte som representerte alt frå idrettslag, musikklag, grendalag, næringsliv og andre frivillige organisasjonar.
– Sparebankstiftninga har som tradisjon å støtte og realisere til aktivitet gjennom gåver til allmennyttige føremål. Desse gåvane skal tilbake til det området dei er skapt historisk, og for vår del betyr det Sogn og Fjordane. Vi skal vere ein pådrivar og samfunnsutviklar, og målet vårt er å gjere Sogn og Fjordane til ein rikare og betre plass å vere, sa Thorsen til forsamlinga i Stryn.

Still på kurs

Onsdagens informasjonsmøte om «korleis skrive ein søknad» er det første av fem kurs som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal ha den komande månaden. Dei neste kursa er fordelte slik:
  • 12. februar: Dale
  • 19. februar: Florø
  • 22. februar: Førde
  • 26. februar: Sogndal
Thorsen gav tips til korleis søknadane kunne utformast, og appellerte til kreativiteten hos søkjarane.
– Vi er opptekne av å ha eit godt samspel med mellom anna frivillig sektor, organisasjonar som jobbar med overordna næringsutvikling og andre. Det er fem kategoriar vi har hovudfokus på det. Det gjeld barn og unge, bulyst og trivselstiltak, utdanning og forsking, overordna næringsutvikling samt klima, miljø og berekraft. Spesielt ønsker vi oss fleire i siste kategori, understreka Thorsen til dei frammøtte i Stryn.

Grei søknad

Under kurset fekk også deltakarane ei rad med tips og innspel til å skrive ein søknad, ikkje minst fokus på den økonomiske sida av prosjektet.
– Som hovudtanke vil vi at desse gåvemidlane skal gje auka aktivitet, og at desse midlane skal generere dugnadsinnsats. Vi heiar på spleiselag, og er opptekne av at ei gåvekrone frå oss skal vere meir verdt enn ei krone. Søk støtte hos andre, og involver så mange som mogleg i prosjektet. På den måten kan vi saman skape ein ny giv i ditt nærområde grunna ditt prosjekt. Noko som igjen gjev bulyst og trivsel. Så her handlar det berre om å kaste seg over søknadsarbeidet, motiverte Thorsen dei frammøtte.
Fristar for å søke gåvemidlar frå Sparebankstiftinga er 1. mars og 1. september kvart år.
Dessutan er det høve til å søke om støtte til mindre prosjekt, inntil 30 000 kroner. Her er det ikkje søknadsfrist, og søknadane blir vurdert fortløpande.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024