Publisert 2. januar 2024

Få kontroll på 2024-budsjettet

– Fleire små grep kan i sum bety mykje for økonomien din, seier banksjef Lars Solnørdal. Han gir deg fem tips til små og større grep du kan ta i det nye året.
Jula er over. Det betyr tilbake til kvardagen, også for lommeboka. Med høgare prisar og renteheving frå Norges bank gjennom heile 2023, er det ikkje berre enkelt.
– Eg har veldig stor forståing for at mange kjenner at økonomien er stram, men det er mange små grep ein sjølv kan ta som er bra for lommeboka, seier Lars Solnørdal, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i Førde.

Banksjefen sine tips

Her kjem banksjefen med fem konkrete tips som forhåpentlegvis kan hjelpe.
– Dette er tips som mange både kjenner til og gjennomfører, men eg håpar at dei kan vere nyttige for endå fleire, seier Solnørdal.
1) Kartlegg året ditt og sett opp budsjett
– Med å setje opp eit budsjett får du betre økonomisk kontroll. Og det er viktig å vere tru mot budsjettet sitt, poengterer Solnørdal.
Set deg ned, gå gjennom mobilbanken din og sjå om det er justeringar som kan gjerast i pengebruken.
For å sette opp budsjett viser til han SIFO sin budsjettkalkulator, der du sjølv kan rekne ut budsjett ditt. Denne er oppdatert med tal frå 2023.
Solnørdal anbefalar også alle til å sjå over det «økonomiske årshjulet sitt». Noter ned når skattemelding kjem, når feriepengane kjem på konto, og planlegg ut i frå det.
Kartlegg utgifter du veit kjem, som sommarferie, konfirmasjonsgåver og lignande, så ser du kva månadar pengebruken kjem til å gå opp, slik at du kan planlegge ut ifrå det.
2) Reduser der du kan
– Kutt ned på småkjøp og impulskjøp, og avslutt abonnement og medlemskap du klarer deg utan. Det er veldig fort gjort å miste oversikt over for eksempel strøymeabonnement, som durar og går utan at ein tenker over det.
– Eit anna tips her er å handle sjeldnare, for eksempel berre ein gong i veka. Sjekk også tilbod før du går i butikken, og hald deg alltid til handlelista.
3) Sel det du ikkje treng
Fleire butikkar, som «Omatte» i Sogndal og «Poden og Boden» i Førde tilbyr leigeplass der du kan selje ting du ikkje treng.
– Du kan òg nytte appar og nettsider som Tise, Finn og kjøp- og salgrupper på Facebook til å selje det ein ikkje treng. Og det er også ein god måte å få inn litt pengar på. Rundt om i skuffer, skap og boder ligg det mykje fullt brukande ting som andre kan ha glede av, så ta gjerne ei runde og sjekk.
4) Kjøp brukt
Treng ein nye ting til dette er det perfekt å kjøpe brukte bøker eller utstyr til fritidsaktiviteten. På til dømes bruktbutikkar, Finn, Tise eller kjøp- og salgrupper på Facebook er det mykje kvalitet å finne.
5) Hugs på bufferkontoen
– Kvar gong du har litt til overs anbefaler eg å fylle opp bufferkontoen din. Og dette er viktigare enn på lenge. Med pengar i bakhand blir det lettare å handtere uventa utgifter.
Har du faste spareavtalar kan du justere desse ned dersom økonomien er stram akkurat no, og heller auke opp igjen seinare. Litt er alltid betre enn ingenting når det gjeld sparing. Du kan også opprette småsparing slik at du har eit fast lite trekk kvar gong du bruker kortet ditt. Fleire småbeløp her og der, kan fort bli til noko større.
– Ta kontakt om det er noko
Eit anna ting Solnørdal nemner er at om ein har kredittkortgjeld og forbrukslån, så bør dette betalast ned så raskt som mogleg.
– Og det same gjeld rekningane dine. Ventar du for lenge må du betale renter og gebyr, og det tar store og unødvendige jafs frå budsjettet ditt, seier Solnørdal før han avslutningsvis legg til:
– Det eg har nemnd over her er eksempel på grep du kan gjere sjølv. Hugs at fleire små grep kan i sum bety mykje for økonomien din. Og om det skulle vere noko, så må du ikkje nøle med å ta kontakt med rådgjevaren din. Vi er her for å hjelpe og finne gode løysingar.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024