Slik kjøper du bustad



Huseigar? Her er forsikringane du bør ha

03. mai 2018 – Signe Bakke Svarstad

Dersom du er 35 år i dag, er det 0,5 % sjanse for at huset ditt brenn ned. Det er derimot heile 40-45% sjanse for at du blir ufør før du fyller 67 år.
Uføre- og livsforsikring er begge forsikringar ein ønskjer å aldri måtte nytte seg av, men det kan ha store konsekvensar å stå utan dersom ein skulle vere så uheldig og oppleve dette.
Hus- og innbuforsikring
Medan husforsikringa dekker sjølve bygget og eigedomen, dekker innbuforsikringa alle eigedelane dine i huset. Det er altså desse forsikringane som gjev deg økonomisk sikkerheit dersom du skulle verte utsett for til dømes brann, tjuveri eller vasskade.
Uføreforsikring
Om du skulle bli ufør, vil du få ei lågare inntekt i støtte samanlikna med det du har i jobb. Denne forskjellen i inntekt kan gjer at du ikkje lenger klarer å betene bustadlånet, og dermed ender opp med å måtte flytte. Med uføreforsikring blir gapet i inntekt dekka av utbetaling frå forsikringsselskapet slik at betalingsevna oppretthaldast.
Livsforsikring
Med livsforsikring kan ein unngå at arvingar blir sitjande igjen med gjeld dersom det verste skulle skje. Dødsfallsforsikring gir dei etterlatte ein viktig økonomisk tryggleik dersom du skulle dø. Det er tungt nok å miste nokon vi er glad i. Det blir ekstra tungt og måtte forhalde seg til økonomiske utfodringar i tillegg. Storleiken på forsikringa vel du sjølv.
Desse forsikringane bør du diskutere med rådgjevaren din etter du har kjøpt deg leilegheit eller hus.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024