Dette bør du gjere med fondssparinga di i urolige tider

I urolege tider og mykje som påverkar økonomien og marknaden rundt oss, kan det vere nervepirrande og sjå sparegrafar som går nedover.
Her er fire ting du bør vere merksam på når det gjeld økonomien din:
Hald hovudet kaldt – Sjølv om det er ubehageleg og nervepirrande å sjå at verdien fell, hugs at det eventuelle tapet ikkje skjer før du vel å selje.
Ikkje stopp spareavtala di – Alle fondsdelar du kjøper billegare i nedgangstida, vil historisk sett løna deg når ting roar seg, og marknaden er på veg opp att.
Spreie investeringane dine over tid – Vil du nytte børsfallet til å gjere ei større eingongsinvestering? Då kan det vere lurt å spreie investeringa di i fleire omgangar. På denne måten reduserer du risikoen rundt dei store svingingane vi ser no.
Ikkje kjøp for meir enn du har råd til å tape – «Billege aksjar = bra», tenker du kanskje no. Ein grei regel er å ikkje investere meir enn du har råd til å eventuelt tape.
Har du spørsmål utover dette om kva som løner seg for deg når det gjeld sparing og investering? Ta kontakt med rådgjevaren din eller kundesenter@ssf.no.

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024