Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF
Ei ulykke er kanskje det siste du tenker på som student eller ung vaksen. Men det er gjerne denne tida i livet ein opplever mest fart og spenning. Med forsikringspakken Frende ung får du ulykkesforsikring i tillegg til innbu- og reiseforsikring.

Kva dekker forsikringa?

Ved skade eller ulykke får du økonomisk tryggleik gjennom ulykkesforsikring ung. Du får økonomisk støtte til medisinsk behandling i Norge, og dekka inntil ein million kroner ved invaliditet. Og viss du skadar deg er det ingen eigenandel.

Fordelar med ulykkesforsikring ung

  • Dekning for inntil ein million kroner ved invaliditet
  • Økonomisk støtte til medisinsk behandling i Norge
  • Ingen eigenandel ved skade

Lurt å vite

Dersom du driv med ekstremsport eller andre risikoutsette aktivitetar, og det skjer ei ulyykke i aksjon, vil denne ikkje vere dekka av ulykkesforsikringa i Frende ung.
Døme på dette er kampsport, basehopping, fallskjermhopping og motorsport med bil, mc, båt eller vasscooter. Dette kan du lese meir om i vilkåra for Frende ung.
Vil du ha ulykkesforsikring utan resten av Frende ung-pakken, finn du det her.

Kven passar Frende ung for?

Forsikringspakken passar for unge vaksne og studentar i etableringsalder som ikkje har barn. Du kan velge mellom å forsikre deg sjølv eller deg og sambuaren din.