Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF
Er du mellom 18 og 30 år og skal ut på reise? Med reiseforsikring er du sikra på fritidsturar i Norge, og på reiser i utlandet. I forsikringspakken Frende ung får du reiseforsikring i tillegg til innbu- og ulykkesforsikring.

Kva dekker forsikringa?

Reiseforsikringa i ung-pakken gjeld frå du går ut døra heime til du kjem tilbake. Blir telefonen din stolen på bussen eller du skadar deg på ferie, er det reiseforsikringa som hjelper deg.
Reiseforsikring Frende ung har inga øvre grense for utbetaling på medisinsk behandling, og dekker tapt bagasje, avbestilling og heimtranport ved sjukdom eller ulykke. Den er gyldig med unntak av heime, på jobb eller på skule.

Fordelar med Reiseforsikring ung

Lurt å vite

Reiseforsikringa i Frende ung-pakken gir ikkje dekning for studentar som bur i utlandet.
Dersom du skal flytte ut av landet for å studere anbefalar Frende å teikne studentforsikring frå ANSA. Er du under 21 år kan det vere lurt å sjekke om du har dekning under foreldra dine si reiseforsikring.
Ønsker du reiseforsikring utan resten av Frende ung-pakken, finn du det her.

Kven passar Frende ung for?

Forsikringspakken passar for unge vaksne og studentar i etableringsalder som ikkje har barn.
Du kan velge mellom å forsikre deg sjølv eller deg og sambuaren din.