Eige billån eller auke opp huslånet?

Dei fleste tar opp lån når dei skal kjøpe bil. Sidan rentene ofte er lågare på eit bustadlån enn eit billån, vel fleire å inkludere bilen i bustadlånet.
Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Eiken meiner bilkjøp fort kan bli kostbart når ein vel ei slik løysing.

– Så lenge du har ein del eigenkapital sjølv, vil du kunne få ei grei rente også på billånet. Å spare opp eigenkapital og redusere renteforskjellane på den måten, kan derfor vere lurt, seier Eiken.

Kan kun etablere billån når du kjøper

Dersom du finaniserer bilkjøpet gjennom bustaden, vil fleksibiliteten på bustadlånet bli redusert.
– Bilen vil då ta opp plass til eventuelle dyrare bilkjøp i framtida, oppussing eller moglegheit til å hjelpe born med kjøp av bustad. Har du først kjøpt bil med pant i bustad, så kan ikkje dette gjerast om til eit billån seinare. Du kan kun ta opp billån når du kjøper bilen, forklarer han.

Dersom du vurderer å auke opp bustadlånet for å kjøpe bil, bør du tenke over om du har nok sikkerheit i bustaden til å tole at det dukkar opp ein uventa kostnad.

– Sjølv om billånet kan koste meir, så kan det vere ei løysing som sikrar at du unngår dyre forbrukslån viss det skulle skje noko uventa med bustaden din, seier Eiken.

Lån med kort nedbetalingstid

Nedbetalingstida på eit billån blir lagt opp i samsvar med verditapet på bilen. Då unngår du å sitje med eit billån som er høgare enn verdien på bilen din. Bakar du bilen inn i bustadlånet, vil nedbetalingstida følgje bustadlånet, og ofte vere eit tosifra tal år. Dermed er det ikkje sikkert at lågare bustadlånsrente vil føre til mindre rentekostnader.
Eiken meiner mange vel å skyve bustadlånet framfor seg når dei legg bilkjøpet inn i bustadlånet.
– Med eit bustadlån på 2,5 millionar betaler du ca 4.000 i avdrag i månaden det første året. Kjøper du ein bil til 400.000 ved å låne opp på bustaden, betaler du ned mindre enn verditapet det første året. Pluss at du skyver resten av bustadlånet framfor deg i perioden fram til bilen er nedbetalt, seier Eiken.
Eiken si anbefaling er å halde på billånet som eit eige lån.
– Eg anbefaler å ha billånet som eit eige lån, og at ein der kan halde oversikt over korleis nedbetalinga skjer i forhold til verditapet på bilen. Alternativt kan du redusere nedbetalingstida på lånet litt til bilen er nedbetalt, og at du heller aukar den igjen når du er ferdig med nedbetaling av bilen, seier Eiken.
Er du usikker på kva form for finansiering som er den beste for deg, ta kontakt med oss i dag så finn vi ei løysing som passar for deg!
Prøv billånskalkulatoren vår
Ta kontakt med oss om billån