Vi tilbyr fleire ulike betalingstenester som passar til kvar sitt bruk; alt frå vanleg faktura til mobil- og klokkebetaling. Du kan også opprette betalingsavtalar slik at rekningane dine blir betalt automatisk ved forfall.

Vipps til barn og unge

Barn under 15 år kan få ein forenkla versjon av Vipps som foreldre styrer. Foreldre må godkjenne oppretting av profil og vil ha full kontroll på kven barnet kan sende pengar til og motta pengar frå.
Les meir om Vipps for barn

Straksbetaling

Med straksbetaling kan du betale større beløp til personar som er kunde i andre bankar, og mottakaren vil få pengane inn på konto med ein gang.
Skal du til dømes kjøpe ein bruktbil eller båt, er det trygt for både seljar og kjøpar å sjå at pengane kjem inn på konto med ein gang.
Les meir om straksbetaling

Bankremisse

Vi kan framleis lage til ei bankremisse for deg, dersom du ikkje ønsker å bruke Vipps eller betaling direkte til ein konto. Bestill bankremisse på eige skjema i nettbanken, eller kom innom eit av bankkontora våre.
Bestill bankremisse i nettbanken

Lurer du på kva det kostar?

For betalingar innanfor EU/EØS er delte kostnader einaste alternativ, uansett valutasort.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om betalingstips

Reduser smitterisiko med kontaktlaus betaling

Vi har lansert Apple Pay og Google Pay, som er ein av mange smarte måtar du betalar kontaktlaust.

Les heile saka

Desse auga gjer netthandelen både enklare og sikrare

Handlar du på nettet? Ein heilt ny funksjon i mobilbanken gjer no at netthandelen vert både tryggare og enklare med vårt Visa Kredittkort.

Les heile saka