Forsikra lån

Med forsikra lån er du trygg om noko uventa skjer deg. Blir du arbeidsledig, permittert eller fullt sjukemeld dekker forsikringa lånet ditt. Lånet blir og heilt innfridd ved død eller kritisk sjukdom.

Uventa og vanskeleleg livssituasjonar kan ramme oss alle. Slike situasjonar gjer det meir krevande å betale ned på lånet ditt, men med forsikra lån er du dekka.

Forsikra lån kan teiknast av personar mellom 18 og 65 år som er i fast jobb og som ikkje kjenner til komande arbeidsløyse, permitteringar, sjukdom eller skade.

Forsikringa gjeld både hovudlåntakar og medlåntakar. For medlåntakar gjeld forsikringa berre tap av liv.

Forsikringa kan teiknast ved lån til bil, båt, mc, atv og caravan.

Sjå meir om vilkåra

Betalingsforsikring teikna før 1.mars -  Sjå meir om eksisterande forsikringsvilkår. 

Betalingsforsikring teikna etter 1.mars -  Sjå meir om vilkår for hovudlåntakar her og vilkår for medlåntakar her.

 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00