Lurer du på kor tid pengane er på konto når du betaler på vanleg måte til andre bankar? Her finn du ei oversikt over betalingsfristane som følger kvardagar gjennom året, både på privat nettbank og i bedriftsnettbanken. Merk at siste frist før helg er fredag kl. 14.00. Betaler du seinare kjem dette på kontoen til mottakar på måndag morgon.
Frist for betaling | På konto i annan bank |
Kl 00.30 | Kl 06.00 |
Kl 08.30 | Kl 10.00 |
Kl 10.00 | Kl 11.30 |
Kl 12.00 | Kl 14.00 |
Kl 14.00 | Kl 16.00 |
* Dette er omtrentlege tider og kan avvike ved enkelte høve.
Ikkje tid til å vente? Då kan du utføre ei Straksbetaling!
Med straksbetaling vil mottakaren i annan bank få pengane inn på konto med ein gang. Skal du til dømes kjøpe ein bruktbil eller båt, er det trygt for både seljar og kjøpar å sjå at pengane kjem inn på konto med ein gang. Du velger dette alternativet når du skal utføre betalinga i nett- eller mobilbanken. NB: Ikkje for nettbank bedrift.