Sikker bruk av Internett

Det er viktig at du som kunde sikrar datamaskina di til bruk på Internett og nettbank. Vi har sett opp nokre enkle råd som skal gjere bruken av internett og nettbank sikrare.

Bruk antivirusprogramvare

Installasjon av eit antivirusprogram er viktig for å sikre at maskina di er sikra mot virus. Oppdatere antivirusprogrammet regelmessig, legg gjerne inn automatisk oppdatering. Les meir på NettVett sine sider.

Oppdater nettlesaren din

Det er viktig at du har så oppdatert nettlesar som mogeleg. Dersom du nyttar Internett Explorer bør du bruke versjon 9.0. Brukar du Opera, Firefox eller Safari bør du ha nyaste versjon. Meir om nettlesar her.

Oppdater operativsystemet

Det kjem stadig nye oppdateringar til operativsystemet på pc-en din. Pass på at alle sikkerhetsoppdateringer til ein kvar tid er installert.

 

Skaff deg brannmur

Ein brannmur hindrar inntrengarar å kome inn på maskina. Installer personleg brannmur og oppdater denne jamleg. Les meir på NettVett sine sider.

Ver varsam ved bruk av e-post

Ikkje opne ukjende vedlegg, slett e-post som verkar mistenkeleg og send aldri fortruleg informasjon pr e-post. Dette gjeld blant anna eller påloggingsinformasjon. Banken ber aldri om at du skal oppgje kontoopplysningar, fødselsnummer, kredittkortnummer pr e-post. 

Er du i tvil?

Ta kontakt med banken om du oppdagar uregelmessighetar på kontoen din eller opplever andre mistenkjelege hendingar i nettbanken eller ved handel på nett.

Tips om brukarnamn og passord

Banken nyttar brukarnamn, personleg passord og kodebrikke/sikringskort for sikker pålogging til nettbanken.

Personleg passord

Lær deg passordet til nettbanken. Passordet er personleg og skal ikkje opplysast til andre.

Smart passord

Lag eit passord som er enkelt å hugse, men ikkje så vanskeleg at det må skrivast ned. Bruk gjerne ein kombinasjon av bokstavar og tal, og endre passord regelmessig. Ikkje bruk passord som er enkle å gjette seg fram til eller som du nyttar andre stadar.

Logg ut etter bruk

Ikkje gå frå datamaskina utan å logge deg av nettbanken.

Har du mistanke om at passordet ditt er blitt kjent for andre, må du logge deg på nettbanken og endre dette, eller ta kontakt med banken for å få tilsendt eit nytt passord.


Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00