Tips til deg som skal kjøpe din første bil

Har du planar om å ta lappen og kanskje kjøpe bil når du blir 18? Her får du nokre tips som kan vere lurt å tenke gjennom når du skal gjere ditt første bilkjøp.
1. Verdifall
Uansett om du skal kjøpe ny eller brukt bil så bør du rekne med at verdien på bilen kjem til å gå ned. Mange bilar er kanskje berre verdt halvparten av nybilprisen etter eit halvt år. Verdifallet går i takt med alderen og tilstanden på bilen, så ver obs på at ein eldre bil kan bli bortimot verdilaus etter nokre år.
2. Lån
I Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr vi eit gunstigare billån for unge bilkjøparar, uansett alder på bilen. Du får svar på timen, og vi stiller heller ikkje krav til eigenkapital eller full kaskoforsikring.
3. Forsikring
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr bilforsikring frå Frende. Men skal du velje kasko eller delkasko? Med eller utan leigebil? Som bileigar er du pliktig å ha ei ansvarsforsikring, men utover det har du fleire val når du forsikrar bilen din i Frende.
  • Ansvarsforsikring dekker skade på personar, skade du påfører andre køyretøy, bygningar og gjenstandar, og rettshjelp. Denne forsikringa er du pålagt å ha.
  • Delkasko vil i tillegg omfatte brann, tjuveri, redning og veghjelp, og skadar på glasrutene på bilen, samt liknande typar skadar på fastmontert utstyr og lausøyre i bilen.
  • Kaskoforsikring dekker skadar på deg, andre personar og køyretøya involvert i ei trafikkulykke, uavhengig av kven som er skyld i uhellet. Full kaskoforsikring dekker tap og skade ved brann, tjuveri eller hærverk. Den dekker også feilfylling av drivstoff.
I tillegg finst det ei rekke tilleggsforsikringer du kan velje å teikne. Mange vel blant annet å forsikre dyrt ekstrautstyr i bilen, eller dekning av leigebil viss du må ha bilen din på verkstad.
Som ung bilkjøpar har du truleg ikkje opparbeidd deg bonus, noko som gjer at bilforsikring kan bli kostbart. Forsikringsrådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane Tor Ulsten rådar unge til å velje ein bil som er billeg å forsikre.
– Har du ein eldre bil med låg verdi, kan det vere fornuftig å velje delkasko. Den dekker tap og skade på eige køyretøy ved brann, tjuveri, skade på glas og veghjelp, i tillegg til lovpålagt ansvarsforsikring. Forsikringsprisane vil variere avhengig alderen din, kva bil du har, kor du bur, om du har oppspart bonus, og om du vel kasko eller delkasko, forklarer Ulsten.
4. Vedlikehald og faste utgifter
Du må rekne med utgifter til vedlikehald, og for gamle bilar bør du sette av ein ekstra buffer til reparasjonar. Drivstoff, olje og dekkslitasje vil med vanleg bruk koste over 10 000 kroner i året. I tillegg kjem andre utgifter som EU-kontroll og service.
Ved eit bilkjøp følgjer det også ein del faste utgifter frå staten. Når du kjøper bil må du betale omregistreringsavgift. Den er avhengig av alderen og vekta på bilen, og satsane varierer for tida mellom 2000-6500 kroner. I tillegg kjem årsavgifta på 3290 kroner.
5. Bompengar eller ferge
Er du avhengig av å køyre dagleg gjennom bomring, veg med bompengar eller ferge? Når du set opp kostnader knytt til bil, bør du også ta med desse kostnadane. Dagleg køyring gjennom ein bomring som kostar 30 kroner vil årleg kome på over 10 000 kroner.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024