STORT ARRANGEMENT: I mai var vinteren på hell, men når ein ny vinter kjem ventar eit stort arrangement i Hodlekve. I mars 2025 skal Sogndal IL si alpingruppe arrangere Telenorleikane. Til dette har dei fått 200 000 kroner. Frå venstre: Trond Eiken (Sparebanken Sogn og Fjordane), alpineldsjelene Atle Hole Sæterbakken og Melanie Hetkamp-Andersen (og barna hennar), Elisabeth Sætren (Sparebanken Sogn og Fjordane).
Publisert 6. juni 2024

Hit kjem dei beste alpinistane i landet

Med 200 000 kroner i gåve kan arrangøren av neste års Telenorleikane gå til innkjøp av det utstyret som trengs. – Då kjem Norges beste alpinistar til Hodlekve, seier Atle Hole Sæterbakken.
Alpingruppa i Sogndal IL er allereie godt i gang med å planlegge neste års gigantarrangement i Rindabotn i Hodlekve.
Då skal Telenorleikane bli avvikla i perioden 27.- 30. mars, og det er venta 300 deltakarar som skal gjennomføre totalt 13 konkurransar på fire dagar.

Mange hundre tilreisande

Med trenarar, leiarar og anna støtteapparat er det rekna med innpå 700 tilreisande.
– Dette blir eit arrangement for heile fylket, og vi har etablert kontakt med alpingruppene i for eksempel Jølster og Breimsbygda for å gjennomføre dette store arrangementet. Jølster hadde det same arrangementet tilbake i 2011, og veit derfor litt om dimensjonane bak Telenorleikane, seier Hole Sæterbakken.
– Vi reknar med at mellom seks og sju hundre tilreisande vil setje sitt preg på bygda og regionen den siste veka i mars neste år, seier han då han saman med Melanie Hetkamp-Andersen tek imot sjekken frå Trond Eiken og Elisabeth Sætren ved Sogndal-kontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Dei 200 000 kronene som er tildelt alpingruppa i Sogndal kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og dette overskotet vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Det vart også tildelt 45 000 kroner ekstra til Sogndal IL, og desse pengane går til langrennsgruppa i samband med utbetringar av langrennstraseane i Hodlekve.
(Artikkelen held fram under.)
GÅVE: – Allereie no kan vi bestille det vi treng av ekstra utstyr, seier Atle Hole Sæterbakken.

Store namn

Telenorleikane har status som NM i alpint for utøvarar i alderen 13 og 14 år, og framtidige norske toppalpinistar vil venteleg setje sitt preg på resultatlistene i Rindabotn. Det er nok å nemne at kjende utøvarar som Kjetil André Aamodt, Henrik Kristoffersen, Ragnhild Mowinckel og Aksel Lund Svindal alle har delteke på Telenorleikane i ung alder med svært gode plasseringar.
– Ja, vi reknar med at framtidige toppalpinistar vil komme hit. Mange av dei større norske klubbane har allereie booka seg inn på overnattingsplassar i området, og vi kjem til å ha Quality Sogndal Hotell som felles møtepunkt under arrangementet. Her vil det meste av møteaktiviteten bli lagt, og elles vil Låven i Rindabotn vere fylt til randen heile veka, seier to av eldsjelene bak arrangementet.

Mykje utstyr

Vi må heilt tilbake til 1980 sist alpinmiljøet i Sogndal arrangerte eit nasjonalt renn. Då vart junior-NM avvikla i nedre del av Hodlekve, og den ærverdige PUMA-liften vart teken i bruk.
– No ligg det meste til rette for Telenorleikane i 2025 i Hodlekve. Med 200 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan vi allereie no bestille det vi treng av ekstra utstyr, mellom anna mange nye portar. Dessutan håpar vi å få låne nokre av naboklubbane. Så no treng vi ikkje lenger engste oss for det finansielle, seier Atle Hole Sæterbakken.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska med stor gåve på familiedagen

– 300 000 kroner er mykje for ein golfklubb som oss. Vi set stor pris på dette, seier Magne Stubhaug, styreleiar i Sunnfjord Golfklubb.

Les heile saka
Vart overraska med stor gåve på familiedagen17. juni 2024
– Vil løfte handballen i området vårt12. juni 2024
– Neste veke startar gravearbeidet7. juni 2024
– Ein stor dag for idretten i Sogn og Fjordane7. juni 2024