Bloggserie: Slik kjøper du bustad


Dette må du sjå etter på visning

På visning er det mange ting ein bør undersøkje og ein har gjerne avgrensa med tid. Derfor er det lurt å førebu seg godt. Her kjem nokre kjappe tips og triks til kva ein bør vere på utkikk etter når ein er på visning:
  • Energiforbruk: Sjekk ut om bustaden har gamle vindauger eller dårleg isolering. Om dette er tilfellet kan det medføre investeringar på seinare tidspunkt. Har bustaden for eksempel varmepumpe og fjernvarme vil det vere enklare og billegare å halde ein stabil temperatur.
  • Elektrisk anlegg: Hald auga opne for dårlege teikn som at sikringsskapet er rotete eller varmt, om det er skrusikring og om stikkontaktene er brunsvidde. Det bør og føreligge dokumentasjon på kontrollar og utbetringar.
  • Bad: Her er det først og fremst fuktskader ein bør vere på utkikk etter. Luktar det innestengd kjellar så er det eit dårleg teikn. Men sørg for å vere like nøye med nye og luktfrie bad. Det kan for eksempel hende at jobben ikkje er utført av fagpersonar. Elles bør ein passe på at vatnet renn mot sluket, sjå etter lause eller øydelagde fliser og at varmekablar fungerer.
  • Drenering og fuktsikring: Sjå etter teikn på fuktskader i kjeller som misfarging på vegger og tak, særleg bak møblar, kondensering, synleg muggsopp, insekt og mugglukt.
  • Røyranlegg: Gjer deg kjend med tilstanden på røyranlegg og varmtvasstanken. Ein kan sjekke trykket i dusjen, og alder på røyranlegg og varmtvasstank. Eventuelle utskiftingar bør leggast inn i budsjettet.
  • Yttervegg og tak: Sjekk alder på kledning, overflatebehandling og takdekking. Her bør ein be om dokumentasjon på utførte jobbar.
  • Balkong og terrasse: Sjekk at beslag og takrenner er solide, og at der ikkje er vassansamling.
  • Loft: Igjen bruk nasa. Dårleg lukt er ein indikator på fuktskader. Elles er det viktig å sjekke visuelle ting som lekkasjar, takstein i god stand, beslag rundt pipe osv.
Punkta over finn ein òg informasjon om i taksten. Dersom det er ein eTakst eller verditakst, må ein vere klar over dette ikkje er ein grunding tilstandsrapport eller bustadsalsrapport. Der verditaksten indikerer svakheiter, er det kjøpar som må stille spørsmål og avdekke manglar. Etter visning kan det vere lurt å få hjelp frå fagfolk til å lage budsjett over ting som må utbetrast.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024