SKAL OPPGRADERE: Nyborg Skyttarlag i Gulen skal fornye anlegget sitt. Til dette kunne Torunn Mattson overreke ei gåve på 250 000 kroner til Jørgen Virkesdal og alle i Nyborg Skyttarlag.
Publisert 21. mai 2024

– Denne skal vi henge opp inne på standplass!

Jørgen Virkesdal i Nyborg Skyttarlag smiler om kapp med sola då banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane Torunn Mattson dukkar opp på laget si skytebane med ein sjekk på 250 000 kroner.
– Skal vi gje skytesporten eit løft i området er vi nøydde til å ha tidsriktige anlegg. Dette gjeld både for jegerar og meir vanlege skyttarar. Ikkje minst må vi bruke litt ekstra ressursar for å nå dei yngre skyttarane, seier skyttarlagsleiar Virkesdal.
Saman med Cato Eide (leiar ungdomsgruppa), Lars Magnus Neverdal (nestleiar) og Einar Dyregrov frå jaktnemnda troppa dei opp då dei tilsette ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Sløvåg-kontor kom med sjekken.

Store stemne

Nyborg Skyttarlag på Dalsøyra har i mange år arrangert store stemne på bana på Tjørneleitet, og kan orientere banktrioen Torunn Mattson, Janne Kleiven og Øystein Lihaug om at både Vestlandsstemne, Landsdelskrinsstemne og samlagsstemne har vore arrangert her.
– Men som vi ser på bygningsmassen her, så er det sterk trong for renovering. Det første prosjektet vårt er å løfte kvaliteten på 100-meteren. Både når det gjeld standplass og ikkje minst dei elektroniske skivene i grava. Med denne fantastiske støtta frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan vi no bestille eit heis-system, som gjer det mogleg å heve og senke desse kostbare skivene etter behov. Då vil dei ikkje lenger stå ute i vêr og vind, og dei vil garantert vare lenger enn det vi har opplevd med dei vi har hatt i om lag 20 år, fortel Virkesdal under orienteringa.

Trong for utbetring

Dei banktilsette kan ved sjølvsyn sjå at det er trong for å fornye bygningsmassen på standplass. Kledninga utandørs er allereie snart ferdig utskifta, og material ligg allereie klar inne for å skifte tak og veggar.
– Denne skytebana vart opna i 1989, og det er klart at det er trong for fornying. Og då startar vi her, fortel den engasjerte skyttarkvartetten.
Dei kan vise til at rekrutteringa til skytesporten er god når det gjeld innandørsaktiviteten på bana på Dalsøyra skule, men at spranget for mange har vore langt når det gjeld utandørs-skyting på anlegget på Tjørneleitet.

Masse jegerar

Derimot er talet jegerar som nyttar bana aukande, og kvart år registrerer dei knappe 100 jaktprøver som blir avvikla av Nyborg Skyttarlag.
– Jegerar er svært viktige for skyttarlaget og står for ein stor del av aktiviteten på bana. Dessutan er skytesporten svært viktig i sånne små bygdesamfunn som det vi har her. Skyting kan vere ein aktivitet som appellerer til dei unge, men då må vi legge til rette for det. Og ikkje minst må vi ha tidsriktige anlegg. Noko vi har høve til å få på plass med dette økonomiske bidrage, seier Einar Dyregrov og saman takkar dei for gåvesjekken som banksjef Torunn Mattson har med seg.
– Denne bør vi henge opp inne på standplass slik at framtidige skyttarar ser kven som har bidrege, avsluttar Jørgen Virkesdal.
Gåvesjekken på 250 000 kroner til Nyborg Skyttarlag er frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024