FUROREVINNAR: Her står den Kolbein Eide Bukve framfor residensslottet Hofburg i Wien. Den ferske furorevinnaren frå Luster er for tida utvekslingsstudent i den austerriske hovudstaden.
Publisert 6. juni 2024

Furorestipend til musikkstudent frå Luster

Han er berre 21 år, musikkstudent, komponerer eigen musikk og er for tida utvekslingsstudent ved Universitetet i Wien. No får lustringen Kolbein Eide Bukve Furorestipend på 50 000 kroner.
– Oi, dette hadde eg ikkje venta! Men det var utruleg kjekt å høyre, seier den ferske Furore-vinnaren Kolbein Eide Bukve.
21-åringen kjem frå Luster, og som fleire andre musikarar starta han si karriere som korpsmusikant lokalt, i Dale Skulemusikk. Etter tre år på musikklinja ved Firda vidaregåande skule på Sandane, vart han deretter teke opp ved Griegakademiet i Bergen og introdusert for samtidsmusikk.

Studerer i Wien

Furorevinnaren legg ikkje skjul på at han har ambisjonar om å skape store verk, for eksempel som filmkomponist som kan gje publikum store, underhaldande og tankevekkande opplevingar.
– I ei verd der konsumeringskultur har teke over, er verdien og viktigheita av ny, lokal og gjennomarbeida tonekunst verdt å satse på, seier han sjølv som grunngjeving for sitt musikalske arbeid.
– Dette året er eg utvekslingsstudent ved «Universität für Musik und darstellende Kunst» i Wien, og opplever svært mykje medan eg er her. Her er det mange konsertar eg kan gå på, og det er utruleg kjekt å få nye musikalske impulsar gjennom studiet. Til hausten er det tilbake til Griegakademiet i Bergen for å fullføre bachelorgraden min og ikkje minst halde fram med å komponere meir musikk, seier Kolbein.

Ny PC til å komponere musikk

Furorestipendet blir kvart år delt ut av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane, og er eit personleg stipend til framifrå ungdom i kategoriane kultur, idrett og opa klasse. Stipendet er på 50 000 kroner. Utover hausten skal det delast ut fleire stipend, og søknadsfristen er 15. juni.
Denne fristen treng ikkje Kolbein å tenke på. Når han blir orientert om at han er tildelt Furorestipend, så blir han både overraska, glad og audmjuk. Og timinga var også god!
– PC-en min vart kaputt førre dagen, så eg treng kjøpe ein ny. Den brukar eg mykje når eg skal komponere musikk og ikkje minst ferdigstille notar til verka, seier musikaren som allereie i løpet av sommaren kjem til å praktisere mykje av sin kunnskap.
– Tidleg i august skal eg delta på Dirigentveka i Stavanger, før eg går i gang med siste året på bachelorutdanninga mi ved Griegakademiet. Dessutan håpar eg at eg får spelt ein del på hovudinstrumentet mitt, eufonium (baryton), når eg har ledige stunder.

Mange verk

Kolbein Eide Bukve har også fått tildelt Drømmestipendet i 2023, eit stipend som berre 50 personar i Norge får kvart år. Dette stipendet heng høgt, og det er Norsk Kulturskuleråd og Norsk Tipping som står bak stipendet. Dessutan har Furorevinnaren frå Luster vunne ein komponistkonkurranse i Manger Musikklag i 2023, og fekk også urframført eige musikkstykke under NM for janitsjarkorps både i 2023 og 2024.
Dessutan er det fleire ulike ensemble i Bergen som har framført musikk av han, og han har mellom anna to gonger fått urframført komposisjonar under Festspillene i Bergen.

Fakta om Furorestipendet:

Furorestipendet er eit personleg stipend til talentfull ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.
Fristen for å søke om Furorestipendet er 15. juni.
Søk Furorestipend her

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska med stor gåve på familiedagen

– 300 000 kroner er mykje for ein golfklubb som oss. Vi set stor pris på dette, seier Magne Stubhaug, styreleiar i Sunnfjord Golfklubb.

Les heile saka
Vart overraska med stor gåve på familiedagen17. juni 2024
– Vil løfte handballen i området vårt12. juni 2024
– Neste veke startar gravearbeidet7. juni 2024
– Ein stor dag for idretten i Sogn og Fjordane7. juni 2024