TV-profil og tidlegare landslagskeeper Erik Thorstvedt var blant fotballkjendisane som var i Førde i helga.
Publisert 4. februar 2024

Fylte Førde med fotball og glede

Fredag kveld var det premiere på fotballshowet «Direkte Rødt», og i samband med dette inviterte Sparebanken Sogn og Fjordane tilsette og lag dei sponsar til samling med fotballprofilar.
Kvartetten Brede Hangeland, Erik Thorstvedt, Jan-Henrik Børslid og Petter Myhre tok for seg rekrutteringsarbeid og talentutvikling då dei føre fotballshowet «Direkte Rødt», heldt foredrag for nærmare 100 påmeldte.
Dei fekk høyre dei nasjonale kjendisane ta for seg kjende omgrep som ungdomsfotball, hospitering, differensiering, og topping med bakgrunn i at alle desse fire har si fortid og referanse til toppfotballen.

Overraska lokalt

Likevel konkluderte desse fire med at fellesnemnarar som lagkjensle, meistring, tryggheit og fellesskap er dei viktigaste verdiane for unge utøvarar.
– Nålauget er så trongt at eg er overbevist om at den modellen vi har i Norge er den riktige. Eg har erfaring frå fleire toppklubbar i England, og den rovdrifta det er på mange unge fotballspelarar heilt ned i 7-8-årsalderen er ikkje sunn. Vi bør halde fram på den måten vi jobbar i Norge i dag, med å gje høve til å utvikle seg for dei aller beste, men først og fremst ha fokus på fellesskapet for dei fleste. Fotballen er nemleg etter skulen den viktigaste læringsinstitusjonen vi har, sa landslagsbautaen Brede Hangeland til ei lydhøyr forsamling.

Heile Sogn og Fjordane

Det var tilreisande frå store delar av Sogn og Fjordane, og mellom anna var langvegsfarande frå til dømes Hornindal og Svelgen representert i forsamlinga. Og mange nikka anerkjennande til at dei kjende norske profilane understreka verdien av samhald og god garderobekultur som noko av det viktigaste.
– Det er utruleg langt opp til toppen, og med tanke på at det berre er 0,012 prosent av unge engelske fotballspelarar som når det å spele i Premier League, så er det langt viktigare å legge til rette for dei over 99 prosent andre, sa Petter Myhre, som er assistenttrenar for herrelaget til Vålerenga.
Artikkelen held fram under bildet.
FOTBALLTREFF: Frå venstre: Trond Valaker (salssjef i banken), Brede Hangeland (spelaransvarleg herrelandslaget), Johanne Viken Sandnes (kommunikasjonsdirektør i banken), Petter Myhre (trenar Vålerenga), Gunn Aase Moldestad (marknadssjef i banken), Jan-Henrik Børslid (programleiar TV 2), Erik Thorstvedt (fotballekspert) og Lars Solnørdal (banksjef privatmarknad Sunnfjord).

Direkte rødt

Etter sponsorarrangementet til banken deltok dei fleste deretter på fotballshowet «Direkte Rødt». Føre ein smekkfull Sunnfjordsal, med litt over 500 tilhøyrarar, skapte dei same profilane, samt Norges beste fotballdommar, Espen Eskås, eit fotballshow det går gjetord om. I to timar kom det historier og opplevingar frå alle verdas kantar, ispedd ein stor dose humor.
Dessutan vart det arrangert ein auksjon på nokre fotballprodukt, som gav meir enn 90 000 kroner til innkjøp av utstyr til barn som er pårørande kreftavdelinga på sjukehuset i Førde.
– Vi var veldig spente på førehand, men føler no i etterkant at det gjekk bra. Ikkje minst har teknikarane rundt showet verkeleg krydra «fotballpraten» vår. Og tydelegvis var stemninga i salen god, smiler Jan Henrik Børslid som gjennom sin Førde-kamerat og tidlegare Førde-spelar Thor Erik Nygård var den direkte årsaka til at premieren vart lagt akkurat til Førde.
– No er det mange som har signalisert ønske om at vi skal vise dette showet fleire plassar. Vi får først evaluere kvelden i dag før vi konkluderer med om det blir fleire show. Men både opplegget med Sparebanken Sogn og Fjordane og «Direkte Rødt-showet» vart gjennomført på ein profesjonell måte, og dette gir meirsmak, sa Børslid på veg ut frå scena etter ein lang kveld på Scandic Sunnfjord Hotell.
BRA OPPMØTE: Brede Hangeland og Jan-Henrik Børslid pratar til forsamlinga på Scandic Sunnfjord.
TIL EI GOD SAK: Etter sponsortreff var det klart for premiere på Rødt Kort. Her vart det blant anna auksjonert vekk ei Manchester United-drakt, og summen gjekk til barn som er pårørande på kreftavdelinga i Førde.
SUKSESS: Her takkar gjengen for seg etter det som var ein suksessfull premiere.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024