Publisert 25. juni 2024

Ein bank, ein festival og eit sponsorsamarbeid med djupe røter

Når Førdefestivalen neste veke set temaet Røter på programmet, speglar det festivalen sin årelange visjon om kulturarv og tradisjon - hand i hand med nyskaping.
– Med Røter som tema, går vi rett inn i sjølve kjernen av Førdefestivalen, seier direktør for Førdefestivalen, Sølvi Lien.
Frå den spede starten i 1990 har festivalen hatt som visjon å vise fram det store mangfaldet i den musikalske kulturarven verda over. I sommar legg festivalen særleg vekt på kulturarv og tradisjon, og korleis desse kan gjerast relevante for framtida. Temaet Røter vil prege både sjølve musikkfestivalen og Førdekonferansen, som går av stabelen torsdag 4. juli.

Lokalbank med lange røter

– Som lokalbank med historie tilbake til 1842, kjenner vi våre eigne røter godt. Vår reise frå Førde Sparebank, til den regionbanken vi er i dag for heile Sogn og Fjordane, speglar eit sterkt engasjement for lokal utvikling og tilknyting til kundane våre og samfunnet rundt oss. Banken og Førdefestivalen deler ei felles forståing av verdien av røter, og årets tema treffer oss derfor svært godt, seier marknadssjef Gunn Aase Moldestad.
Gunn Aase Moldestad

Musikalske møte i ei uroleg tid

I ei verd prega av polarisering og konfliktar, gir det ekstra meining å skape musikalske møte på tvers av kulturar og skiljeliner.
– Vi leitar etter historiene som kan bygge bruer mellom det ukjende og kjende, mellom tradisjon og nyskaping, mellom individ og gruppe, mellom det universelle og det personlege, forklarer Lien.
Gjennom Førdefestivalen vil ein kunne oppleve korleis musikktradisjonar frå ulike kulturar kan ha mykje til felles, og korleis dei påverkar kvarandre i eit moderne, globalisert samfunn.
– Røtene våre er med på å definere vår kulturelle identitet. Røter har med fortida å gjere, men dei peikar også framover, seier Lien.
Sølvi Lien

Røter og føter – på Førdekonferansen

Førdekonferansen, som er ein del av festivalen, har fått tittelen "Røter og føter". Konferansen vil utvide temaet til å omfatte heile kunstfeltet, med spørsmål som: Kva slags røter og identitet har vi? Kva er kulturarv og verdsarv?
– Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen vår. Den er eit viktig tilskot til festivalen og gjer det mogleg å gå i djupna på festivaltemaet, seier Lien.

Ein sterk allianse for framtida

Samarbeidet mellom Førdefestivalen og Sparebanken Sogn og Fjordane er eit døme på korleis lokalbankar kan spele ei viktig rolle i å støtte kultur og tradisjonar i sine lokalsamfunn.
– For oss i Sparebanken Sogn og Fjordane handlar det om å vere ein aktiv del av lokalsamfunnet og støtte tiltak som styrkar vår felles kulturelle identitet. Gjennom dette samarbeidet kan vi saman bygge bruer mellom fortid og framtid, og støtte opp under det mangfaldige kulturlivet i regionen, seier Moldestad.

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024