GÅVE TIL IDRETTEN: Stemninga var god då Vestland Idrettskrets fekk tildelt gåve på fem millionar kroner av administrerande direktør Trond Teigene (nr. to f. h.). Her i hyggeleg samtale med Narve Heggheim (t.h., Vestland Idrettskrets), Nils R. Sandal (Vestland Idrettskrets) og Ole Hermann Engen (Gaular IL).
Publisert 7. juni 2024

– Dette er ein stor dag for idretten i Sogn og Fjordane

Vestland Idrettskrets får fem millionar kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Desse pengane skal bidra til meir berekraftige idrettsanlegg i Sogn og Fjordane, og lågare straumrekningar for idrettslag.
– Dette er ein stor dag for idretten i Sogn og Fjordane, innleiar Nils R. Sandal, styreleiar i Vestland Idrettskrets.
«Straumsmarte idrettsanlegg» er namnet på Vestland Idrettskrets sitt nye prosjekt. Dette prosjektet går i korte trekk ut på at idrettslag i Sogn og Fjordane som eig sine eigne idrettsanlegg kan søke om pengar til å byte ut gammalt og energikrevjande lysarmatur til nye LED-lysarmatur.
– Dette har ein miljøgevinst, i tillegg til at kostnadane for idrettslaga blir mindre. At kostnadane blir redusert fører til at fleire kan få høve til å bli med i idretten. Dette er pluss-pluss på mange område, seier Sandal.

Fleire positive sider

Frå no kan idrettslag i Sogn og Fjordane søke idrettskretsen om midlar, og til dette prosjektet har Vestland Idrettskrets fått ei stor gåve. Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, overrekte nyleg ei gåve på fem millionar kroner.
– Det er fleire ting som er bra med dette. For det første er det eit kjempebra tiltak. Det er viktig for idretten og viktig for barn og unge. I tillegg er det også eit berekraftstiltak, som også er viktig, seier Teigene og held fram:
– Det tredje er også at det skapar fine ringverknader fordi desse pengane kjem til å løyse ut andre midlar, og ein god aktivitet som kjem som følge av det. Det er jo nokre firma som skal byte desse lysa rundt om kring i fylket, og det synast vi er ekstra kjekt.
Gåva på fem millionar kroner til Vestland Idrettskrets er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ordninga gjer det meir realistisk for oss

Utdelinga fann stad på Sande stadion, som er eigd av Gaular IL. Dette er eit eksempel på idrettsanlegg i Sogn og Fjordane som no kan søke.
Sande stadion gjennomgår for tida ei stor opprusting av heile anlegget sitt.
– Denne ordninga gjer at det blir meir realistisk for oss å skifte ut lysanlegget på stadion og kanskje få ei smartstyring på det. Det vil for det første ta ned investeringane og så vil det føre til lågare driftsutgifter i åra som kjem, seier Ole Hermann Engen, økonomiansvarleg i Gaular IL.
Ole Hermann Engen er økonomiansvarleg i Gaular IL, som er blant kandidatane som kan søke om midlar.

«Idrettsglede for alle»

Narve Heggheim jobbar som anleggsrådgjevar i Vestland Idrettskrets, og det er han som jobbar mest med prosjektet. Han håpar dei framover får mange søknader frå lag og klubbar i Sogn og Fjordane.
– Her er mange som har potensial på idrettsanlegga sine til å spare energi og kutte kostnader, slik at det blir rimelegare for barn og unge og delta i aktivitet, meiner Heggheim.
Han vert støtta av styreleiar Sandal i idrettskretsen.
– Denne gåva betyr veldig mykje for idrettskretsen. Det gir eit signal om at her er ein bank som vil gå inn å hjelpe oss med ting vi er opptekne av, nemleg å ha ei berekraftig utvikling i idrettsaktivitetane våre. Eg trur at med denne måten å få redusert energiutgifter på så vil også det senke dei økonomiske barrierane, slik at fleire kan få delta. Og at vi då kan komme nærmare visjonen vår «Idrettsglede for alle», seier Sandal.
Meir fakta om «Straumsmarte idrettsanlegg» på nettsida til Vestland Idrettskrets.
– Her er mange som har potensial på idrettsanlegga sine til å spare energi og kutte kostnader, meiner Narve Heggheim i Vestland Idrettskrets.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska med stor gåve på familiedagen

– 300 000 kroner er mykje for ein golfklubb som oss. Vi set stor pris på dette, seier Magne Stubhaug, styreleiar i Sunnfjord Golfklubb.

Les heile saka
Vart overraska med stor gåve på familiedagen17. juni 2024
– Vil løfte handballen i området vårt12. juni 2024
– Neste veke startar gravearbeidet7. juni 2024
Furorestipend til musikkstudent frå Luster6. juni 2024