BankID, BankID-app og mobilbank: Kan du forskjellen?



Kva er eigentleg forskjellen på BankID, BankID-app og mobilbank? Her kjem ei oversikt over dei ulike omgrepa.

BankID

BankID er ein elektronisk legitimasjon og signatur. BankID er ikkje det same som kodebrikka di. Du bruker BankID til pålogging i nettbanken og på ulike offentlege tenester som Skatteetaten, Helsenorge og NAV. Du kan også bruke den til å signere for eksempel lånedokument og kjøpsavtalar. Din BankID-signatur er gyldig på lik linje med din handskrivne signatur.

BankID-appen

BankID-appen er ei digital kodebrikke som du kan bruke i staden for den fysiske kodebrikka, for å logge inn eller signere med BankID. Då slepp du å taste inn eingongskoden, men du får i staden eit varsel på mobilen din som ber deg om å godkjenne i appen.

BankID på mobil

BankID på mobil blir fasa ut til fordel for BankID-app. Frå 1. september vil det ikkje lenger vere mogleg å bestille BankID på mobil. Det betyr at dersom du etter denne datoen får ny telefon, bytter abonnement, eller skiftar SIM-kort, vil du miste tilgangen til BankID på mobil. Vi tilrår at du tek i bruk BankID-appen i staden.

Ikkje kast kodebrikka

Mange opplever BankID-appen som enklare alternativ til vanleg BankID, fordi ein slepp å bruke kodebrikke. Men sjølv om du omtrent aldri treng å leite fram kodebrikka, er det lurt å ha kontroll på kvar den er. Du treng den dersom du må fornye din BankID.

Mobilbank

Mobilbank er ein app du kan laste ned og dermed få ein mobilversjon av nettbanken. Med mobilbanken har du tilgang til dei aller fleste funksjonane i nettbanken – rett frå mobilen!
Når mobilbanken er tatt i bruk, har du rask og enkel tilgang til:
  • Oversikt over eigne kontoar, kort, lån og fond
  • Overføring til både eigne og andre sine kontoar
  • Enkel betaling med smartscanning av konto- og kidnummer
  • Godkjenning av faktura med eitt klikk
  • Oppretting og endring av spareavtaler
  • Søke billån
  • Sperre bankkort
  • Slå av og på regionsperre på korta dine
  • Valutakalkulator

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024